Messier 41

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Messier 41
Messier 041 2MASS.jpg
Rektasensjon06h 46.0m[1]
Deklinasjon−20° 46′[1]
Avstand2300}[2] (710)
Tilsynelatande storleiksklasse (V)4.5[1]
Tilsynelatande storleik (V)38 minutt[2]
Sjå òg: Open stjernehop, kategori over opne stjernehopar

Messier 41, M41 eller NGC 2287 er ein open stjernehop i stjernebiletet Den store hunden som ligg cirka 4 grader sør for Sirius. Med det blotte auget ser ein hopen som ein lysflekk. Mange av stjernene kan ein sjå i kikkert, men ettersom hopen dekker meir enn 1/2 grad synest han best i vidvinkelokular. Hopen blei oppdaga før 1654 av Giovanni Battista Hodierna, men kan ha vore kjend allereie for Aristoteles kring 325 f.Kr.

Stjernehopen er rundt 190 millioner år gammal.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «SIMBAD Astronomical Database». Results for Messier 41. Henta 21. desember 2006. 
  2. 2,0 2,1 «Messier Object 41». SEDS. Henta 10. desember 2009. 
  3. Stoyan, Ronald (2008). Atlas of the Messier Objects: Highlights of the Deep Sky. Cambridge University Press. s. 171. ISBN 9780521895545. Henta 9. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Messier 41