Sirius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sirius A / B
Canis Major constellation map.svg
Cercle rouge 100%.svg

Posisjonen til Sirius (med sirkel rundt).
Observasjonsdata
Epoke J2000.0      Ekvinoks J2000.0 (ICRS)
Stjernebilete Den store hunden
Uttale /ˈsɪriəs/[1]
Rektascensjon 06h 45m 08.9173s[2][3]
Deklinasjon −16° 42′ 58.017″[2][3]
Tilsynelatande storleiksklasse (V) −1.47 (A)[2] / 8.30 (B)[4]
Karakteristikk
Spektralklasse A1V (A)[2] / DA2 (B)[4]
U−B fargeindeks −0.05 (A)[5] / −1.04 (B)[4]
B−V fargeindeks 0.01 (A)[2] / −0.03 (B)[4]
Astrometri
Eigarørsle (μ) RA: −546.05[2][3] mas/år
Dek.: −1223.14[2][3] mas/år
Parallakse (π) 379.21 ± 1.58[2][6] mas
Avstand 8,60 ± 0,04 ly
(2,64 ± 0,01 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV) 1.42 (A)[7] / 11.18 (B)[4]
Bane[8]
Følgje α CMa B
Omlaupstid (P) 50.090 ± 0.055 år
Store halvakse (a) 7.50 ± 0.04"
Eksentrisitet (e) 0.5923 ± 0.0019
Inklinasjon (i) 136.53 ± 0.43°
Lengda til oppstigande knute (Ω) 44.57 ± 0.44°
Perihel epoke (T) 1894.130 ± 0.015
Perihelargument (ω)
(sekundær)
147.27 ± 0.54°
Detaljar
α CMa A
Masse 2.02[9] M
Radius 1.711[9] R
Luminositet 25.4[9] L
Overflategravitasjon (log g) 4.33[10] cgs
Temperatur 9,940[10] K
Metallisitet [Fe/H] 0.50[11] dex
Rotasjon 16 km/s[12]
Alder 2–3 × 108[9] år
α CMa B
Masse 0.978[9] M
Radius 0.0084 ± 3%[13] R
Luminositet 0.026[14] L
Overflategravitasjon (log g) 8.57[13] cgs
Temperatur 25,200[9] K
Andre namn
System: Dog Star, Aschere, Canicula, Al Shira, Sothis,[15] Alhabor,[16] Mrgavyadha, Lubdhaka,[17] Tenrōsei,[18] α Canis Majoris (α CMa), 9 Canis Majoris (9 CMa), HD 48915, HR 2491, BD −16°1591, GCTP 1577.00 A/B, GJ 244 A/B, LHS 219, ADS 5423, LTT 2638, HIP 32349.
B: EGGR 49, WD 0642-166.[2][19][20]

Sirius er den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen. Med ein synleg tilsynelatande storleik på −1,46, lyser ho nesten dobbelt så kraftig som Canopus, den nest mest lyssterke stjerna. Namnet «Sirius» kjem frå gammalgresk: Σείριος Seirios («gloande» eller «brennande»). Stjerna har Bayernemninga Alfa Canis Majoris (α CMa). Det som det nakne auga oppfattar som ei enkel stjerne er i røynda ei dobbeltstjerne, som består av ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A1V, kalla Sirius A, og ein kvit dverg med spektralklasse DA2, kalla Sirius B. Avstanden mellom Sirius A og B varierer mellom 8,2 og 31,5 AU.[21]

Sirius verkar lys både på grunn av den faktiske luminositeten og nærleiken til jorda. Med ein avstand på 2,6 parsec (8,6 lysår), som astrometrisatelliten Hipparcos målte,[6][22][23] er Sirius-systemet ein av dei mest nærliggande naboane til jorda. For alle observatørar som er sør for 73 grader nord, er ho den mest nærliggande stjerna (etter sola) ein kan sjå med det nakne auga. Sirius flyttar seg sakte nærmare solsystemet, og lysstyrken vil auke noko dei neste 60 000 åra. Etter den tid vil avstanden auke igjen, men ho vil vere den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen til jorda dei neste 210 000 åra.[24]

Sirius A er nesten dobbelt så massiv som sola og har ein absolutt tilsynelatande storleiksklasse på 1,42. Ho er 25 gonger meir lyssterk enn sola[9] men har langt lågare luminositet enn andre lyssterke stjerner som Canopus eller Rigel. Systemet er mellom 200 og 300 millionar år gammalt.[9] Systemet bestod opphavleg av to lyssterke, blå stjerner. Den meir massive av desse, Sirius B, forbrende ressursane sine og vart ei raud kjempe, før ho kasta av seg dei ytre laga og kollapsa til den noverande tilstanden som ein kvit dverg for kring 120 million år sidan.[9]

Sirius vert òg på folkemunne kalla «Hundestjerna», etter plasseringa i stjernebiletet Den store hunden.[15] Den heliakiske oppgangen til Sirius markerte den årlege flaumen i Nilen i Det gamle Egypt og «hundedagane» om sommaren for grekarane i antikken, medan ho for polynesarane markerte vinter og var ei viktig stjerne for navigering kring Stillehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sirius». Dictionary.com Unabridged (v 1.1). Random House, Inc. http://dictionary.reference.com/browse/sirius. Henta 2008-04-06. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Database entry for Sirius A, SIMBAD. Accessed online October 20, 2007.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Astrometrisk data av SIMBAD frå Hipparkos-katalogen, omfattar massesenteret til Siriussystemet. Sjå § 2.3.4, Volume 1, The Hipparkos and Tycho Catalogues, Europaan Space Agency, 1997, and the om Sirius i Hipparkos-katalogen (CDS ID I/239.)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 McCook, G. P.; Sion, E. M.. «Entry for WD 0642-166». A Catalogue of Spectroscopically Identified White Dwarfs (August 2006 version). CDS. http://vizier.u-strasbg.fr/viz-bin/VizieR-S?WD%200642-166.  ID III/235A.)
  5. Hoffleit, D.; Warren, Jr., W. H. (1991). «Entry for HR 2491». Bright Star Catalogue, 5th Revised Ed. (Preliminary Version). CDS. http://vizier.u-strasbg.fr/viz-bin/VizieR-S?HR%202491.  ID V/50.
  6. 6,0 6,1 van Leeuwen, F. (November 2007), «Validation of the new Hipparcos reduction», Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–664, doi:10.1051/0004-6361:20078357, Bibcode2007A&A...474..653V 
  7. For tilsynelatande storleik m og parallakse π, absolutt storleiksklasse Mv for Sirius A er gjeven av:
    See: Tayler, Roger John (1994). The Stars: Their Structure and Evolution. Cambridge University Press. s. 16. ISBN 0-521-45885-4. 
  8. van den Bos, W. H. (1960). «The Orbit of Sirius». Journal des Observateurs 43: 145–151. Bibcode:1960JO.....43..145V. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 9,8 Liebert, J.; Young, P. A.; Arnett, D.; Holberg, J. B.; Williams, K. A. (2005). «The Age and Progenitor Mass of Sirius B». The Astrophysical Journal 630 (1): L69–L72. Bibcode:2005ApJ...630L..69L. arXiv:astro-ph/0507523. doi:10.1086/462419. 
  10. 10,0 10,1 Adelman, Saul J. (July 8–13, 2004). «The Physical Properties of normal A stars». Proceedings of the International Astronomical Union. Poprad, Slovakia: Cambridge University Press. pp. 1–11. Bibcode 2004IAUS..224....1A. 
  11. Qiu, H. M.; Zhao, G.; Chen, Y. Q.; Li, Z. W. (2001). «The Abundance Patterns of Sirius and Vega». The Astrophysical Journal 548 (2): 953–965. Bibcode:2001ApJ...548..953Q. doi:10.1086/319000. 
  12. Royer, F.; Gerbaldi, M.; Faraggiana, R.; Gómez, A. E. (2002). «Rotational velocities of A-type stars. I. Measurement of v sin i in the southern hemisphere». Astronomy and Astrophysics 381 (1): 105–121. Bibcode:2002A&A...381..105R. arXiv:astro-ph/0110490. doi:10.1051/0004-6361:20011422. 
  13. 13,0 13,1 Holberg, J. B.; Barstow, M. A.; Bruhweiler, F. C.; Cruise, A. M.; Penny, A. J. (1998). «Sirius B: A New, More Accurate View». The Astrophysical Journal 497 (2): 935–942. Bibcode:1998ApJ...497..935H. doi:10.1086/305489. 
  14. Luminositiet#Bolometrisk luminositet for Sirius B rekna ut frå L=4πR2σTeff4. (Dette vert forenkla til Ls=(Rs)^2*(Ts)^4, der Ls, Rs og Ts er luminositet, radius og temperatur, relativt til solverdiane) Sjå: Tayler, Roger John (1994). The Stars: Their Structure and Evolution. Cambridge University Press. s. 16. ISBN 0-521-45885-4. 
  15. 15,0 15,1 Hinckley, Richard Allen (1899). Star-names and Their Meanings. New York: G. E. Stechert. s. 117–25. 
  16. doi:10.1111/j.1749-6632.1987.tb37197.x
  17. Singh, Nagendra Kumar (2002). Encyclopaedia of Hinduism, A Continuing Series. Anmol Publications PVT. LTD. s. 794. ISBN 81-7488-168-9. 
  18. Spahn, Mark; Hadamitzky, Wolfgang; Fujie-Winter, Kimiko (1996). The Kanji dictionary. Tuttle language library (Tuttle Publishing). s. 724. ISBN 0-8048-2058-9. 
  19. «Sirius B». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=name+sirius+b. Henta 23 October 2007. 
  20. van Altena, W. F.; Lee, J. T.; Hoffleit, E. D. (1995). The general catalogue of trigonometric parallaxes (4th utg.). Yale University Observatory.  (CDS) ID I/238A.
  21. Schaaf, Fred (2008). The Brightest Stars. Hoboken, New Jersey: John Wiley & Sons. s. 94. ISBN 0-471-70410-5. Henta 2010-07-23. 
  22. Perryman, M. A. C.; Lindegren, L.; Kovalevsky, J.; et al. (July 1997), «The Hipparkos Catalogue», Astronomy and Astrophysics 323: L49–L52, Bibcode1997A&A...323L..49P 
  23. Perryman, Michael (2010), The Making of History's Greatest Star Map, Heidelberg: Springer-Verlag, doi:10.1007/978-3-642-11602-5 
  24. Sky and Telescope, April 1998 (p60), basert på utrekninga frå Hipparcos-data.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: Sky map 06h 45m 08.9173s, −16° 42′ 58.017″