Den store hunden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den store hunden
Den store hunden
Latinsk namn Canis major
Forkorting CMa
Genitivsform Canis Majoris
Symbologi eit anna namn på stjerna Sirius; Hundestjerna
Rektasensjon 7 h
Deklinasjon −20°
Areal 380 kvadratgrader
nr. 43 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
5
Sterkaste stjerne Sirius (α CMa) (−1,46. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +60° og −90°

Den store hunden (frå latin Canis major) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. På 100-talet evt. førte Klaudios Ptolemaios stjernebiletet opp på lista over 48 stjernebilete, og det vert rekna blant dei 88 moderne stjernebileta. Både Den store hunden og Den vesle hunden følgjer stjernebiletet Orion, jegeren, over himmelen. Mjølkevegen passerer gjennom Den store hunden og fleire opne hopar ligg innafor grensene, mellom anna M41.

Den store hunden inneheld Sirius, den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen, kjend som «hundestjerna». Ho lyser sterkt fordi ho ligg nær solsystemet. Andre lyssterke stjerner i stjernebiletet ligg lengre unna med høgare luminositet. Med storleiksklasse 1,5 er Epsilon Canis Majoris (Adhara) den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet og den sterkaste kjelda til ekstrem ultrafiolett stråling på nattehimmelen. Vidare kjem den gulkvite superkjempa Delta (Wezen) med 1,8, den blåkvite kjempa Beta (Mirzam) med 2,0, dei blåkvite superkjempene Eta (Aludra) med 2,4 og Omicron1 med 3,0, og den kvite, spektroskopiske dobbeltstjerna Zeta (Furud), òg på 3,0. Den raude hyperkjempa VY Canis Majoris er ei av dei største stjernene ein kjenner til, medan nøytronstjerna RX J0720.4-3125 har ein radius på berre 5 km.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Canis Major i Uranias spegel, ei rekkje kort med stjernebiletet publisert i London kring 1825. Ved sidan av er Haren og Dua (delvis avskoren).

Den store hunden er eit stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula om sommaren (eller den nordlege himmelhalvkula om vinteren), og grensar til Einhyrningen (som ligg mellom Store og Vesle hunden) i nord og Akterstamnen i aust og søraust, Dua i sørvest og Haren i vest. Trebokstavarforkortinga for stjernebiletet, som har vore nytta av International Astronomical Union sidan 1922, er 'CMa'.[1] Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart definert av Eugène Delporte i 1930.[2] Stjernebiletet dekkjer 380 kvadratgrader, eller 0,921% av himmelen, og er det 43. største stjernebiletet.[3]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernene i Den store hunden slik dei er for det nakne auga. Ein har lagt på linjer for å syne biletet tydelegare.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Den store hunden er eit markant stjernebilete fordi det inneheld mange lyssterke stjerner. Desse omfattar Sirius (Alfa Canis Majoris), den mest lyssterke på heile nattehimmelen, og tre andre stjerner over storleiksklasse 2,0.[4] I tillegg er det to andre stjerner ein trur har vore meir lyssterk enn alle andre stjerner på himmelen - Adhara (Epsilon Canis Majoris) som hadde ein storleiksklasse på -3,99 for kring 4,7 million år sidan, og Mirzam (Beta Canis Majoris) som hadde −3,65 for kring 4,42 millionar år sidan. Ei anna stjerne, NR Canis Majoris, vil bli den mest lyssterke med ein storleiksklasse på −0,88 om kring 2,87 millionar år.[5]

Sirius er både den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen med tilsynelatande storleiksklasse −1,46 og ei av dei mest nærliggande stjernene til jorda med ein avstand på 8,6 lysår. Namnet kjem frå det greske ordet som tyder «gloande» eller «brennande». Sirius er òg ei dobbeltstjerne. Følgjestjerna Sirius B er ein kvit dverg med storleiksklasse 8,4, eller 10 000 gonger svakare enn Sirius A for observatørar på jorda.[6] Dei to krinsar rundt kvarandre kvart 50. år. Dei var nærast kvarandre sist gong i 1993 og vil vere lengst frå kvarandre ein gong mellom 2020 og 2025. Sirius danna grunnlaget for den gamle egyptiske kalenderen.[4] Stjerna markerte munnen på Den store hunden i stjerneatlaset til Bayer.[7]

Ved sidan av Sirius er Beta og Gamma Canis Majoris. Beta vert òg kalla Mirzam eller Murzim, og er ei blåkvit Beta Cephei-variabel stjerne med storleiksklasse 2,0. Dette varierer med nokre få hundredelar over ein periode på seks timar.[8] Mirzam ligg 500 lysår frå jorda og det tradisjonelle namnet tyder «annonsøren», fordi plasseringa gjorde at ho «annonserte» Sirius, då ho stig opp nokre få minutt før Sirius.[4] Gamma, som òg vert kalla Muliphein, er ei meir lyssvak stjerne med storleiksklasse 4,12, i røynda ei blåkvit kjempe med spektralklasse B8IIe og ein avstand på 441 lysår frå jorda.[9] Iota Canis Majoris, ligg mellom Sirius og Gamma, og er ei anna stjerne klassifisert som ein Beta Cephei-variabel, med storleiksklasse frå 4,36 til 4,40 over ein periode på 1,92 timar.[10] Ho er ei fjerntliggande, blåkvit superkjempe med spektralklasse B3Ib, kring 46 000 gonger så lyssterk som sola, og 2500 lysår unna, 300 gonger lenger borte enn Sirius.[11]

Epsilon, Omicron2, Delta og Eta Canis Majoris vart kalla Al Adzari «jomfruene» i arabisk mellomalder.[12] Som høgrelåret til hunden i atlaset til Bayer er Epsilon Canis Majoris,[7] òg kalla Adhara. Med storleiksklasse 1,5, er ho den nest mest lyssterke stjerna i Den store hunden og den 23. mest lyssterke på himmelen. Ho er ei blåkvit superkjempe med spektralklasse B2Iab, kring 404 lysår frå jorda.[13] Denne stjerna er eit av dei mest lyssterke kjende ekstreme ultraviolette kjeldene på himmelen.[14] Ho er ei dobbeltstjerne og følgjestjerna har storleiksklasse 7,4. Det tradisjonelle namnet tyder «jomfruene», og er overført frå ei gruppe av stjerner til Epsilon aleine.[15] I nærleiken ligg Delta Canis Majoris, òg kalla Wezen. Ho er ei gulkvit superkjempe med spektralklasse F8Iab og storleiksklasse 1.84, kring 1605 lysår frå jorda.[16] Det tradisjonelle namnet tyder «vekta» og ho er 17 gonger så massiv og 50 000 gonger så lyssterk som sola. Om ho hadde lege i sentrum av solsystemet, ville ho ha strekt seg forbi jorda, sidan diameteren er 200 gonger så stor som soldiameteren. Ho er berre kring 10 millionar år gammal og har stoppa å fusjonere hydrogen i sentrum. Den ytre kappa har byrja å utvide seg og avkjølast, og i løpet av dei neste 100 000 åra vil ho verte ei raud superkjempe når kjerna fusjonerer tyngre og tyngre element. Når ho har ein kjerne av jern, vil ho kollapse og eksplodere som ein supernova.[17] Mellom Adhara og Wezen ligg Sigma Canis Majoris, kjend som Unurgunite for Boorong- og Wotjobaluk-folket.[18] Dette er ei raud superkjempe med spektralklasse K7Ib som varierer mellom storleiksklassane 3,43 og 3,51.[19]

Eta Canis Majoris vert òg kalla Aludra og er ei blåkvit superkjempe med spektralklasse B5Ia og ein luminositet 176 000 gonger og diameter kring 80 gonger sola.[20] Aludra er klassifisert som ei Alfa Cygni-type variabel stjerne og lysstyrken varierer frå storleiksklasse 2,38 til 2,48 over ein periode på 4,7 dagar.[21] Ho ligg 1120 lysår unna. Vest for Adhara ligg Zeta Canis Majoris eller Furud med storleiksklasse 3.0, kring 362 lysår frå jorda.[22] Ho er ei spektroskopisk dobbeltstjerne, og komponentane har ein baneperiode på 1,85 år. Det kombinerte spekteret indikerer ei hovudseriestjerne med spektralklasse B2.5V.[23]

Mellom desse stjernene og Sirius ligg Omicron1, Omicron2, og Pi Canis Majoris. Omicron2 er ei massiv superkjempe som er kring 21 gonger så massiv som sola.[24] Ho er berre 7 millionar år gammal,[24] og har brukt opp all hydrogen i kjernen og prosesserer no helium.[8] Ho er ein Alfa Cygni-variabel med periodiske, ikkje-radielle pulseringar, som gjer at lysstyrken varierer frå storleiksklasse 2,93 til 3,08 over ein periode på 24,44 dagar.[25] Omicron1 er ei oransje K-type superkjempe med spektralklasse K2.5Iab som er ei irregulær variabel stjerne, der den tilsynelatande storleiksklassen varierer mellom 3,78 og 3,99.[26] Ho er kring 18 gonger så massiv som sola, og skin 65 000 gonger så kraftig.[27]

Nord for Sirius ligg Theta og Mu Canis Majoris, og Theta er den nordlegaste stjerna med ei Bayer-nemning i stjernebiletet.[28] Ho er kring 8 milliardar år gammal og er ei oransje kjempe med spektralklasse K4III. Ho er kring like massiv som sola, men har 30 gonger så stor diameter.[29] Mu er eit fleirstjernesystem som ligg kring 1244 lysår unna,[30] og komponentane er mogeleg å skilje frå kvarandre i små teleskop, som ei 5,3-storleiksklasse gulfarga og ei 7,1-storleiksklasse blåaktig stjerne.[31] Den lysare stjerna er ei kjempe med spektralklasse K2III,[30] medan følgjestjerna er ei hovudseriestjerne med spektralklasse B9.5V.[32] Nu Canis Majoris er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 5,7, 278 lysår unna. Ho ligg ved grensa for kva som er mogeleg å sjå med det blotte auga. Ho har ei følgjestjerne med storleiksklasse 8,1.[4]

Heilt sør i stjernebiletet ligg Kappa og Lambda Canis Majoris. Sjølv om dei har liknande spektrum og ligg nær kvarandre sett frå jorda, har dei ikkje tilknytting til kvarandre.[3] Kappa er ei Gamma Cassiopeia-variabel med spektralklasse B2Vne,[33] som vart 50% lysare mellom 1963 og 1978, frå storleiksklasse 3,96 til 3,52.[11] Ho ligg kring 659 lysår unna.[34] Lambda er ei blåkvit klasse B dvergstjerne i hovudserien med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,48 som ligg kring 423 lysår frå jorda.[35] Ho er 3,7 gonger så brei og 5,5 gonger så massiv som sola, og skin med ein luminositet som er 940 gonger så stor.[28]

Canis Major har òg mange variable stjerner. EZ Canis Majoris er ei Wolf–Rayet-stjerne med spektralklasse WN4 som varierer mellom storleiksklassane 6,71 og 6,95 over ein periode på 3 766 dagar. Årsaka til variasjonen er ukjend, men ein trur det er knytt til stjernevinden og rotasjonen til stjerna.[36] VY Canis Majoris er ei av dei største stjernene ein kjenner til. Ho er ei fjerntliggande, raud superkjempe som ligg kring 3800 lysår frå jorda. Estimata for storleik, masse og luminositet har variert frå 600 til 3000 gonger radien og 60 000 til 500 000 gonger luminositeen til sola. Ho vart obsevert i 2011 ved hjelp av interferometri med Very Large Telescope, som gav ein radius på 1420 ± 120 solradiar, ein overflatetemperatur på kring 3490 K (og derfor spektralklasse M4Ia) og ein luminositet 270 000 gonger sola sin. Den noverande massen er rekna å vere 9–25 solmassar, etter at ho har kasta frå seg 15-35 solmassar tidlegare.[37] W Canis Majoris er ei raud kjempe kjend som ei karbonstjerne—ei halvregulær variabel, med storleiksklasse som varierer frå 6,27 til 7,09 over ein periode på 160 dagar.[38] Ho er ei kjøleg stjerne med ein overflatetemperatur på kring 2900 K og ein radius som er 234 gonger så stor som sola, og ein avstans som er estimert til 1444–1450 lysår frå jorda.[39] I den andre enden når det gjeld storleik, finn ein RX J0720.4-3125, ei nøytronstjerne med ein radius på kring 5 km.[40] Ho er særs lyssvak med ein tilsynelatande storleiksklasse på 26,6.[41] Spektrumet og temperaturen har på mystisk vis endra seg over fleire år. Årsaka til endringane er ukjende, men det er mogeleg at endringa kjem av at stjerna har absorbert ei akkresjonsskive.[40]

Tau Canis Majoris er eit Beta Lyrae-type formørkande fleirstjernesystem som varierer i storleiksklasse frå 4,32 til 4,37 over 1,28 dagar.[42] Dei fire hovudkomponentane er varme klasse O-stjerner, med ein samla masse som er 80 gonger solmassen og ein luminositet som er 500 000 gonger så stor, men lite er kjend om kvar enkelt stjerne i systemet. Ein femte komponent, med storleiksklasse 10, ligg noko lenger unna, kring 13 000 AU. Systemet er berre 5 millionar år gammalt.[8] UW Canis Majoris er ei anna Beta Lyrae-type stjerne som ligg 3000 lysår frå jord. Ho er ei formørkande dobbeltstjerne som varierer i storleiksklasse frå 5,3 til 4,8. Perioden er 4,4 dagar.[4] Komponentane er to massive, varme og blå stjerner, ei blå superkjempe med spektralklasse O7.5-8 Iab, og ei noko kjølegare følgjestjerne, som er ei mindre utvikla og svakare superkjempe med spektralklasse O9.7Ib. Stjernene er 200 000 og 63 000 gonger så lyssterk som sola. Den svakre stjerna er derimot meir massiv med 19 solmassar, medan den største stjerna har 16 solmassar.[43] R Canis Majoris er ei anna formørkande dobbelstjerne som varierer i storleiksklasse frå 5,7 til 6,34 over 1,13 dagar,[44] med ei tredje stjerne som krinsar rundt desse to med ein periode på 93 år. Den korte perioden til dei to inste stjernene, kombinert med den lange perioden til den ytste, gjer dette til eit uvanleg Algol-type-system.[45]

Ein har funne sju stjernesystem med planetar i stjernebiletet. Nu2 Canis Majoris er ei eldre oransje kjempe med spektralklasse K1III og tilsynelatande storleiksklasse 3,91 som ligg kring 64 lysår frå jorda.[46] Ho har ein masse på 1,5 gonger solmassen og lyser 11 gonger så sterkt som sola. Ein planet som er 2,6 gonger så massiv som Jupiter krinsar rundt denne stjerna med ein periode på 763 dagar.[47] HD 47536 er på same vis ei eldre oransje kjempe med eit planetsystem som er på eit stadie der solsystemet vårt vil vere om nokre få milliardar år, når sola vert ei kjempestjerne.[48] HD 45364 ei stjerne som ligg 107 lysår unna og er litt mindre og litt kjøligare enn sola, med spektralklasse G8V. Ho har to planetar som vart oppdaga i 2008. Med ei omlaupstid på 228 og 324 dagar, har planetane ein 3:2 baneresonnans, som er med på å stablisere systemet.[49] HD 47186 er ei anna sol-liknande stjerne med to planetar. Den indre, HD 47186 b, har ei omlaupstid på berre fire dagar, og er klassifisert som ein Varm Neptun, medan den ytre, HD 47186 c, har ein eksentrisk 3,7 år lang omlaupstid og ein likande masse som Saturn.[50] HD 43197 er ei solliknande stjerne kring 183 lysår unna med ein Jupiter-stor planet med ein eksentrisk bane.[51]

Z Canis Majoris er eit stjernesystem som berre er 300 000 år gammalt og består av to pre-hovudseriestjerner—ei FU Orionis-stjerne og ei Herbig Ae/Be-stjerne,[52] som har i periodar har blitt to storleiksklassar lysar, til storleiksklasse 8 i 1987, 2000, 2004 og 2008.[53] Den meir massive Herbig Ae/Be-stjerna er dekt av ei uregelmessig sfærisk kokong av støv og har ein indre diameter på 20 AU og ein ytre diameter på 50 AU. Kokongen har eit hol i seg, der lys skin ut gjennom 5-10 grader av omkrinsen. Begge stjernene er omgjeve av ei stor sky av materiale som er til overs etter den originale støvskya som skapte systemet. Begge stjernene stråler ut jettar av materiale, og strålejetten frå Herbig Ae/Be-stjerna er mykje lengre, 11,7 lysår lang.[54] FS Canis Majoris er ei anna stjerne med infraraud utstråling, som indkerer eit kompakt skal av støv, men ho verkar å vere ei hovudseriestjerne som har absorbert materiale frå ei følgjestjerne. Desse stjernene er rekna å vere viktige bidragsytarar til interstellart støv.[55]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Mjølkevegen går gjennom Den store hunden, med berre få uklåre område av interstellare støvskyer. Han er lys i det nordaustlege hjørnet av stjernebiletet, og i eit trekanta område mellom Adhara, Wezen og Aludra, og mange stjerner er synlege i kikkert. Den store hunden har fleire opne hopar.[56] Det einaste Messier-objektet er M41 (NGC 2287), ein open hop med ein smala visuell storleiksklasse på 4,5, kring 2300 lysår frå jorda. Han ligg 4 grader sør for Sirius, med blå, gule og oransje stjerner, og dekkjr eit område med tilsynelatande storleik lik fullmånen, i røynda kring 25 lysår i diameter.[57] Dei mest lyssterke stjernene har alt utvikla seg til å bli kjemper. Den mest lyssterke er ei stjerne med storleiksklasse 6,3 og spektralklasse K3. Ho ligg i feltet 12 Canis Majoris, men stjerna er berre 670 lysår unna.[58] NGC 2360, kjend som Caroline-hopen, etter oppdagaren Caroline Herschel, er ein open hop som ligg 3,5 grader vest for Muliphein og har ein samla tilsynelatande storleiksklasse på 7,2. Han er kring 15 lysår i diameter og ligg 3700 lysår frå jorda,[59] og er datert til å vere kring 2,2 milliardar år gammal.[60] NGC 2362 er ein liten, kompakt, open hop, 5200 lysår frå jorda. Han inneheld kring 60 stjerner, der Tau Canis Majoris er den mest lyssterke.[4] Han ligg kring 3 grader nordaust for Wezen, og dekkjer eit område som er 12 lysår in diameter, men stjernene verkar å vere samla kring Tau når ein ser dei med kikkert. Han er ein særs ung, open hop og medlemmane er berre nokre få millionar år gamle. 2 grader sørvest for NGC 2362 is NGC 2354 ligg ein svakare open hop med storleiksklasse 6,5, og kring 15 stjerner er synlege med kikkert.[57] Han ligg kring 30 minuttar nordaust for NGC 2360,[61] NGC 2359 (Tors hjelm eller Andetåka) er ei relativt lyssterk emisjonståke i Den store hunden, med ein tilnærma storleiksklasse på 10, 10 000 lysår frå jorda. Stjernetåka er forma av HD 56925, ei ustabil Wolf-Rayet-stjerne som ligg i tåka.[62]

ESO 489-056 er ein irregulær irregular dverggalakse, 16 million lysår unna.[63]

I 2003 vart ei område tett med stjerner annonsert å vere Store hund dverggalakse, den næraste satellittgalaksen til jorda. Men det er omdiskutert om det faktisk er ein broten dverggalakse eller berre ein variasjon i den tynne og tjukke disken og spiralarmen i Mjølkevegen. Undersøkingar av området har berre funne ti RR Lyrae-variable, som er konsistent med haloen til Mjølkevegeno g den tjukke disken, og ikkj ein eigen kuleforma dverggalakse.[64] På den andre sida, så er kulehopen i Akterstamnen, NGC 2298—som verkar å vere ein del av Store hund dverggalaksen, ekstremt metallfattig, noko som indikerer at han ikkje kom frå den tjukke disken til Mjølkevegen, og i staden har ekstragalaktisk opphav.[65]

NGC 2207 og IC 2163 er eit par vekselverkande spiralgalaksar som ligg 125 million lysår frå jorda. For kring 40 million år sidan, hadde desse to galaksane ei nær passering, og dei flyttar seg no bort frå kvarandre. Til slutt vil den mindre IC 2163 bli ein del av NGC 2207. Vekselverknaden mellom dei to vil halde fram å forstyrre gass og støv i galaksane og skape omfattande stjernedanning i begge galaksane.[66] Supernovaer har blitt observert i NGC 2207 i 1975 (type Ia SN 1975a),[67] 1999 (type Ib SN 1999ec),[68] 2003 (type 1b supernova SN 2003H),[69] og 2013 (type II supernova SN 2013ai).[70] 16 millionar lysår unna ligg [63] ESO 489-056, ei irregulær dverg- og LSB-galakse som har den lågaste metallisiteten ein kjenner til.[71]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Canis Major» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2015.
  • Allen, Richard Hinckley (1963) [1899]. Star Names: Their Lore and Meaning. New York, New York: Dover. ISBN 0-486-21079-0. 
  • Makemson, Maud Worcester (1941). The Morning Star Rises: An Account of Polynesian Astronomy. New Haven, Connecticut: Yale University Press. 
  • Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2001). Stars and Planets Guide. Princeton, New Jersey: Princeton University Press. ISBN 978-0-691-08913-3. 
  • Schlegel, Gustaaf (1967) [1875] (på French). Uranographie Chinoise. Taipei, Republic of China: Ch'eng Wen Publishing Company. 
  • Wagman, Morton (2003). Lost Stars: Lost, Missing and Troublesome Stars from the Catalogues of Johannes Bayer, Nicholas Louis de Lacaille, John Flamsteed, and Sundry Others. Blacksburg, Virginia: The McDonald & Woodward Publishing Company. ISBN 978-0-939923-78-6. 
  • Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 300 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe. Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3. 
  1. Russell, Henry Norris (1922). «The New International Symbols for the Constellations». Popular Astronomy 30: 469–71. Bibcode 1922PA.....30..469R. 
  2. «Canis Major, Constellation Boundary». The Constellations (International Astronomical Union). 
  3. 3,0 3,1 Bagnall, Philip M. (2012). The Star Atlas Companion: What You Need to Know about the Constellations. New York, New York: Springer. ss. 99–106. ISBN 1-4614-0830-X. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Ridpath & Tirion 2001, s. 98–99.
  5. Tomkin, Jocelyn (April 1998). «Once and Future Celestial Kings». Sky and Telescope 95 (4): 59–63. Bibcode 1998S&T....95d..59T. 
  6. Holberg, J.B. (2007). Sirius: Brightest Diamond in the Night Sky. Chichester, Storbritannia: Praxis Publishing. s. 214. ISBN 0-387-48941-X. 
  7. 7,0 7,1 Wagman 2003, s. 504.
  8. 8,0 8,1 8,2 Kaler, James B. (4 May 2007). «Mirzam». Stars. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/mirzam.html. Henta 2 January 2012. 
  9. «Gamma Canis Majoris - Star in Cluster». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=Gamma+CMa&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 21. august 2015. 
  10. Watson, Christopher (4 January 2010). «Iota Canis Majoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=5507. Henta 21. august 2015. 
  11. 11,0 11,1 Kaler, James B. (26 February 2010). «Iota Canis Majoris». Stars. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/iotacma.html. Henta 21. august 2015. 
  12. Knobel, Edward B. (1895). «Al Achsasi Al Mouakket, on a Catalogue of Stars in the Calendarium of». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 55: 429–38. Bibcode 1895MNRAS..55..429K. doi:10.1093/mnras/55.8.429. 
  13. «Epsilon Canis Majoris - Double Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=eps+CMa&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 21. august 2015. 
  14. Wilkinson, E.; Green, J.C.; McLean, R.; Welsh, B.; Green; McLean; Welsh (1996). «Extreme Ultraviolet Spectrum of ɛ Canis Majoris Between 600-920 Å». Bull. American Astron. Soc. 28 (2): 915. Bibcode 1996BAAS...28..915W. 
  15. Kunitzsch, Paul; Smart, Tim. A Dictionary of Modern star Names: A Short Guide to 254 Star Names and Their Derivations (2nd rev. ed.). Cambridge, Massachusetts: Sky Pub. s. 23. ISBN 978-1-931559-44-7. 
  16. «Delta Canis Majoris – Variable Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=delta+CMa&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 21. august 2015. 
  17. Kaler, James B.. «Wezen». Stars website. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/wezen.html. Henta 21. august 2015. 
  18. Hamacher, Duane W.; Frew, David J. (2010). «An Aboriginal Australian Record of the Great Eruption of Eta Carinae». Journal of Astronomical History & Heritage 13 (3): 220–34. arXiv:1010.4610. Bibcode =2010JAHH...13..220H. 
  19. Watson, Christopher (4 January 2010). «Sigma Canis Majoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=5512. Henta 21. august 2015. 
  20. Jerzykiewicz, M.; Molenda-Zakowicz, J.; Molenda-Zakowicz (2000). «Empirical Luminosities and Radii of Early-Type Stars after Hipparcos». Acta Astronomica 50: 369–80. Bibcode 2000AcA....50..369J. 
  21. Watson, Christopher (3 May 2013). «Eta Canis Majoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=5506. Henta 5 February 2014. 
  22. «Zeta Canis Majoris - Cepheid Variable». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=Zeta+CMa&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 21. august 2015. 
  23. Kaler, James B. (2 February 2007). «Furud». Stars website. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/furud.html. Henta 21. august 2015. 
  24. 24,0 24,1 Tetzlaff, N.; Neuhäuser, R.; Hohle, M. M. (January 2011). «A Catalogue of Young Runaway Hipparcos Stars within 3 kpc from sola». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 410 (1): 190–200. arXiv:1007.4883. Bibcode 2011MNRAS.410..190T. doi:10.1111/j.1365-2966.2010.17434.x. 
  25. Lefèvre, L.; Marchenko, S. V.; Moffat, A. F. J.; Acker, A. (November 2009). «A systematic study of variability among OB-stars based on HIPPARCOS photometry». Astronomy and Astrophysics 507 (2): 1141–1201. Bibcode 2009A&A...507.1141L. doi:10.1051/0004-6361/200912304. 
  26. Watson, Christopher (4 January 2010). «Omicron1 Canis Majoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=5510. Henta 12. mai 2015. 
  27. Kaler, James B.. «Omicron1 Canis Majoris». Stars. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/omi1cma.html. Henta 21. august 2015. 
  28. 28,0 28,1 Kaler, James B. (8 March 2013). «Theta Canis Majoris». Stars website. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/thetacma.html. Henta 21. august 2015. 
  29. da Silva, L.; Girardi, L.; Pasquini, L.; Setiawan, J.; von der Lühe, O.; de Medeiros, J.R.; Hatzes, A.; Döllinger, M.P. et al. (2006). «Basic Physical Parameters of a Selected Sample of Evolved Stars». Astronomy and Astrophysics 458 (2): 609–23. arXiv:astro-ph/0608160. Bibcode 2006A&A...458..609D. doi:10.1051/0004-6361:20065105. 
  30. 30,0 30,1 «18 Canis Majoris». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=18+CMa&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 21. august 2015. 
  31. Consolmagno, Guy (2011). Turn Left at Orion: Hundreds of Night Sky Objects to See in a Home Telescope – and How to Find Them. Cambridge, Storbritannia: Cambridge University Press. s. 81. ISBN 1-139-50373-1. 
  32. «HD 51251 -- Star in double system». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=%40929727&Name=HD%20%2051251&submit=submit. Henta 21. august 2015. 
  33. Watson, Christopher (4 January 2010). «Kappa Canis Majoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=5508. Henta 21. august 2015. 
  34. «Kappa Canis Majoris - Be Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=kappa+Canis+Majoris&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 21. august 2015. 
  35. «Lambda Canis Majoris - Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=Lambda+Canis+Majoris&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 21. august 2015. 
  36. The IUE Mega Campaign: Wind Structure and Variability of HD 50896 (WN5) Astrophysical Journal Letters 452 #1, s. L57 (oktober 1995) Mal:Bibcode
  37. Wittkowski, M.; Hauschildt, P.H.; Arroyo-Torres, B.; Marcaide, J.M. (2012). «Fundamental Properties and Atmospheric Structure of the Red Supergiant VY CMa based on VLTI/AMBER spectro-interferometri». Astronomy & Astrophysics 540: L12. arXiv:1203.5194. Bibcode 2012A&A...540L..12W. doi:10.1051/0004-6361/201219126. 
  38. Otero, Sebastian Alberto (7 November 2011). «W Canis Majoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=5159. Henta 121. august 2015. 
  39. van Belle, Gerard T.; Paladini, Claudia; Aringer, Bernhard; Hron, Josef; Ciardi, David (2013). «The PTI Carbon Star Angular Size Survey: Effective Temperatures and Non-sphericity». The Astrophysical Journal 775 (1): article id. 45, 19 pp. arXiv:1307.6585. Bibcode 2013ApJ...775...45V. doi:10.1088/0004-637X/775/1/45. 
  40. 40,0 40,1 Hohle, M.M.; Haberl, F.; Vink, J.; de Vries, C.P.; Turolla, R.; Zane, S.; Méndez, M.. «The Continued Spectral and Temporal Evolution of RX J0720.4-3125». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 423 (2): 1194–99. arXiv:1203.3708. Bibcode 2012MNRAS.423.1194H. doi:10.1111/j.1365-2966.2012.20946.x. 
  41. Kaplan, D.L.; van Kerkwijk, M.H.; Marshall, H.L.; Jacoby, B.A.; Kulkarni, S. R.; Frail, D.A. (2002). «The Nearby Neutron Star RX J0720.4-3125 from Radio to X-rays». The Astrophysical Journal 590 (2): 1008. arXiv:astro-ph/0303126. Bibcode 2003ApJ...590.1008K. doi:10.1086/375052. 
  42. Watson, Christopher (4 January 2010). «Tau Canis Majoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=5513. Henta 21. august 2015. 
  43. doi:10.1086/173822
  44. Watson, Christopher (4 January 2010). «R Canis Majoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=5154. Henta 21. august 2015. 
  45. Budding, E.; Butland, R. (2011). «Observations and Analysis of the System R Canis Majoris». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 418 (3): 1764–73. Bibcode 2011MNRAS.418.1764B. doi:10.1111/j.1365-2966.2011.19597.x. 
  46. «7 Canis Majoris - Variable Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=7+CMa. Henta 26 February 2014. 
  47. Wittenmyer; Endl, Michael; Wang, Liang; Johnson, John Asher; Tinney, C.G.; O'Toole, S.J. (2011). «The Pan-Pacific Planet Search. I. A Giant Planet Orbiting 7 CMa». Astrophysical Journal 743 (2): 184–91. arXiv:1111.1007. Bibcode 2011ApJ...743..184W. doi:10.1088/0004-637X/743/2/184. 
  48. Distant World in Peril Discovered from La Silla: Giant Exoplanet Orbits Giant Star. . ESO for the Public (Garching, Germany: European Southern Observatory). 22 January 2003. http://www.eso.org/public/news/eso0305/. Henta 21. august 2015. 
  49. Correia, A. C. M.; Udry, S.; Mayor, M.; Benz, W.; Bertaux, J.-L.; Bouchy, F.; Laskar, J.; Lovis, C. et al. (2009). «The HARPS Search for Southern Extra-solar Planets XVI. HD 45364, a Pair of Planets in a 3:2 Mean Motion Resonance». Astronomy and Astrophysics 496 (2): 521–26. arXiv:0902.0597. Bibcode 2009A&A...496..521C. doi:10.1051/0004-6361:200810774. 
  50. Bouchy, F.; Mayor, M.; Lovis, C.; Udry, S.; Benz, W.; Bertaux, J.-L.; Delfosse, X.; Mordasini, C. et al. (2009). «The HARPS Search for Southern Extra-solar Planets. XVII. Super-jorda and Neptune-mass Planets in Multiple Planet Systems HD 47186 and HD 181433». Astronomy and Astrophysics 496 (2): 527–31. arXiv:0812.1608. Bibcode 2009A&A...496..527B. doi:10.1051/0004-6361:200810669. 
  51. Naef, D.; Mayor, M.; Curto, G. Lo; Bouchy, F.; Lovis, C.; Moutou, C.; Benz, W.; Pepe, F. et al. (2010). «The HARPS Search for Southern Extrasolar Planets XXIII. 8 Planetary Companions to Low-activity Solar-type Stars». Astronomy and Astrophysics 523: A15. arXiv:1008.4600. Bibcode 2010A&A...523A..15N. doi:10.1051/0004-6361/200913616. 
  52. Szeifert, T.; Hubrig, S.; Schöller, M.; Schütz, O.; Stelzer, B.; Mikulášek, Z. (2010). «The Nature of the Recent Extreme Outburst of the Herbig Be/FU Orionis Binary Z Canis Majoris». Astronomy and Astrophysics 509: L7. arXiv:0912.3889. Bibcode 2010A&A...509L...7S. doi:10.1051/0004-6361/200913704. 
  53. Whelan, E.T.; Dougados, C.; Perrin, M. D.; Bonnefoy, M.; Bains, I.; Redman, M.P.; Ray, T.P.; Bouy, H.; Benisty, M.; Bouvier, J.; Chauvin, G.; Garcia, P.J.V.; Grankvin, K.; Malbet, F. (2010). «The 2008 Outburst in the Young Stellar System Z CMa: The First Detection of Twin Jets». The Astrophysical Journal Letters 720 (1): L119-24. arXiv:1008.0111. Bibcode 2010ApJ...720L.119W. doi:10.1088/2041-8205/720/1/L119. 
  54. Canovas, H.; Min, M.; Jeffers, S.V.; Rodenhuis, M.; Keller, C.U. (2012). «Constraining the Circumbinary envelope of Z Canis Majoris via Imaging Polarimetry». Astronomy & Astrophysics 543 (A70): 8 pp.. arXiv:1205.3784. Bibcode 2012A&A...543A..70C. doi:10.1051/0004-6361/201117762. 
  55. Miroshnichenko, Anatoly S. (2007). «Toward Understanding the B[e] Phenomenon. I. Definition of the Galactic FS CMa Stars». The Astrophysical Journal 667 (1): 497–504. Bibcode 2007ApJ...667..497M. doi:10.1086/520798. 
  56. Crossen, Craig; Rhemann, Gerald (2004). Sky Vistas: Astronomy for Binoculars and Richest-Field Telescopes. New York, New York: Springer. ss. 113–15. ISBN 3-211-00851-9. 
  57. 57,0 57,1 Kambic, Bojan (2009). Viewing the Constellations with Binoculars: 250+ Wonderful Sky Objects to See and Explore. New York, New York: Springer. ss. 230–32. ISBN 0-387-85355-3. 
  58. De Laet, Rony (2011). The Casual Sky Observer's Guide: Stargazing with Binoculars and Small Telescopes. New York, New York: Springer. ss. 95–97. ISBN 1-4614-0595-5. 
  59. O'Meara, Stephen James (2002). The Caldwell Objects. Cambridge, Storbritannia: Cambridge University Press. ss. 231–33. ISBN 978-0-521-82796-6. 
  60. Mermilliod, Jean-Claude; Mayor, Michel (1990). «Red Giants in Open Clusters. III - Binarity and Stellar Evolution in Five Intermediate-age Clusters: NGC 2360, 2423, 5822, 6811, and IC 4756». Astronomy and Astrophysics 273 (1): 61–72. Bibcode 1990A&A...237...61M. 
  61. Thompson, Robert and Barbara (2007). Illustrated Guide to Astronomical Wonders: From Novice to Master Observer. Sebastopol, California: O'Reilly Media, Inc.. s. 144. ISBN 0-596-52685-7. 
  62. Levy, David H.. Deep Sky Objects. Amherst, New York: Prometheus Books. s. 108. ISBN 978-1-59102-361-6. 
  63. 63,0 63,1 «Stars Fleeing a Cosmic Crash», ESA/Hubble Picture of the Week, http://www.spacetelescope.org/images/potw1332a/, henta 14 August 2013 
  64. Mateu, Cecilia; Vivas, A. Katherina; Zinn, Robert; Miller, Lissa R.; Abad, Carlos; Vivas; Zinn; Miller; Abad (2009). «No Excess of RR Lyrae Stars in the Canis Major Overdensity». The Astronomical Journal 37 (5): 4412–23. arXiv:0903.0376. Bibcode 2009AJ....137.4412M. doi:10.1088/0004-6256/137/5/4412. 
  65. O'Meara, Stephen James (2011). Deep-Sky Companions: The Secret Deep. Cambridge, Storbritannia: Cambridge University Press. s. 139. ISBN 978-0-521-19876-9. 
  66. Wilkins & Dunn 2006, s. 456.
  67. Kirshner, Robert P.; Arp, H.C.; Dunlap, J.R.; Arp; Dunlap (1976). «Observations of Supernovae - 1975a in NGC 2207 and 1975b in the Perseus Cluster». Astrophysical Journal 207 (1): 44–52.. Bibcode 1976ApJ...207...44K. doi:10.1086/154465. 
  68. Jha, S.; Garnavich, P.; Challis, P.; Kirshner, R.; Berlind, P.; Garnavich, P.; Challis, P.; Kirshner, R.; Berlind, P. (1999). «Supernova 1999ec in NGC 2207». IAUC 7269: 2. Bibcode 1999IAUC.7269....2J. 
  69. Bishop, David. «Bright Supernovae - 2003». Rochester University. http://www.rochesterastronomy.org/sn2003/. Henta 7 March 2014. 
  70. Conseil, E.; Fraser, M.; Inserra, C.; Walton, N.; Blagorodnova, N.; Nicholl, M.; Benetti, S.; Pastorello, A. et al. (2013). «Supernova 2013ai in NGC 2207 = Psn J06161835-2122329». Central Bureau Electronic Telegrams 3431 (3431): 1. Bibcode 2013CBET.3431....1C. 
  71. Kunth, Daniel; Östlin, Goran (2000). «The Most Metal-poor Galaxies». The Astronomy and Astrophysics Review 10 (1–2): 1–79. Bibcode 2000A&ARv..10....1K. doi:10.1007/s001590000005. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den store hunden


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna

Koordinatar: Sky map 07h 00m 00s, −20° 00′ 00″