Metropolitan-linja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linjer i
London Underground
  Bakerloo
  Central
  Circle
  District
  Hammersmith & City
  Jubilee
  Metropolitan
  Northern
  Piccadilly
  Victoria
  Waterloo & City
 
  Docklands Light Railway
  London Overground

Metropolitan-linja er ei av linjene i London Underground. Ho blei opna i 1863, og er den eldste metrolinja i verda.

Linja fungerer som eit pendlartog til og frå forstadene. Endestasjonen inne i London er Baker Street, kor den går til fire plattformer. Ute i forstadene deler den seg i fleire greiner mot Amersham, Watford og Uxbridge. Mellom Chalfont & Latimer (på linja mot Amersham) og Chesham køyrer toga i skytteltrafikk. I rushtida held nokre tog fram frå Chesham til det sentrale London.

Ei rekkje ruter fungerer som hurtigtog til dei store stasjonane, og stoppar ikkje ved dei små. Nokre tog går også vidare forbi endestasjonen, på skjenegangen til Circle-linja til Aldgate.

Delar av den opphavlege Metropolitan-linja har blitt skilt ut som eigne linjer, Hammersmith & City-linja og East London-linja. Den har også blitt kraftig utvida nordover, der den køyrer i dagen. På strekninga frå det sentrale London til Amersham deler den store delar av trasen med jarnbanenettverket.

Linja har hatt stor verdi for utbygginga av bustadområda den betener i det nordvestre London. Omgrepet Metroland oppstod rundt 1915, då jarnbaneselskapet som bygde linja (Metropolitan Railway) starta målretta kampanjar for bustadkjøp i regionen. Etter dette har områda rundt linja blitt uformelt kjende under dette omgrepet.

Croxley stasjon, Hertfordshire

Kart[endre | endre wikiteksten]

Kart over Metropolitan-linja
Kart over Metropolitan-linja

Stasjonar[endre | endre wikiteksten]

Frå nord til sør

Amersham-greina

  • Amersham
    • Chesham
  • Chalfont & Latimer
  • Chorleywood
  • Rickmansworth
    • Watford
    • Croxley
  • Moor Park
  • Northwood
  • Northwood Hills
  • Pinner
  • North Harrow

Uxbridge-greina

  • Uxbridge
  • Hillingdon
  • Ickenham
  • Ruislip
  • Ruislip Manor
  • Eastcote
  • Rayners Lane
  • West Harrow

Fellesstrekning

  • Harrow-on-the-Hill
  • Northwick Park
  • Preston Road
  • Wembley Park
  • Finchley Road
  • Baker Street
  • Great Portland Street
  • Euston Square
  • King's Cross St. Pancras
  • Farringdon
  • Barbican
  • Moorgate
  • Liverpool Street
  • Aldgate

Kjelder[endre | endre wikiteksten]