Mia Dimšić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mia Dimšić

Fødd7. november 1992 (31 år)
FødestadOsijek
OpphavKroatia
Aktiv2015–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar

Mia Dimšić (fødd 7. november 1992), også kjend under scenenamnet Mia, er ein kroatisk songar og låtskrivar. Ho representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Guilty Pleasure».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dimšić vart fødd i 1992 i Osijek. Ho er utdanna fagomsetjar ved Filozofski fakultet u Osijek.[1]

Dimšić byrja sin musikalske karriere i 2014 då bandet Džentlmeni inviterte ho til å delta på bandets USA- og Canada-turné for kroatiske utflyttarar.[1] Ho gav ut debutsingelen «Budi mi blizu» 12. oktober 2015,[2] mens oppfølgjarsingelen «Život nije siv» kom ut 7. juli 2016. Denne singelen var også hovudsporet på debutalbumet hennar, Život nije siv, som vart gjeve ut 20. mars 2017.[3] Život nije siv gjekk også til topps på den kroatiske albumlista, og vart seinare sertifisert med platina.[4][5] Hennar andre studioalbum og fyrste julealbum, Božićno jutro, vart utgjeve 29. november 2017.[6]

I juli 2019 slapp Dimšić singelen «Sva blaga ovog svijeta» med den kroatiske songaren Marko Tolja.[7] Songen debuterte på tolvteplass på den kroatiske HR Top 40 og klatra seinare til fyrsteplass.[8][9]

I desember 2021 vart Dimšić kunngjord som ein av 14 deltakarar i songtevlinga Dora 2022, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest. Ho vann tevlinga med låten «Guilty Pleasure» og fekk dimed representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2022.[10][11] Låten kvalifiserte seg ikkje til finalen etter å ha vorte nummer 11 av 17 bidrag i den fyrste semfinalen tysdag 10. mai 2022.[12]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2017 – Život nije siv
  • 2017 – Božićno jutro
  • 2019 – Sretan put

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • 2022 – Guilty Pleasure

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2015 – «Budi mi blizu»
  • 2015 – «Slobodna»
  • 2016 – «Život nije siv»
  • 2016 – «Sanjaj me»
  • 2017 – «Bezimeni»
  • 2017 – «Sunce, oblak, vjetar»
  • 2017 – «Kiša»
  • 2017 – «Cimet i čaj»
  • 2018 – «Do posljednjeg retka»
  • 2018 – «Snježna ulica»
  • 2019 – «Ovaj grad»
  • 2019 – «Cesta do sna»
  • 2019 – «Sva blaga ovog svijeta» (med Marko Tolja)
  • 2019 – «Pomiče se sat»
  • 2020 – «Unatrag»
  • 2021 – «Pomalo slučajno»
  • 2021 – «Neki novi ljudi»
  • 2022 – «Guilty Pleasure» / «Netko drugi»
  • 2022 – «Stuck on You»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ivana Ramić (11. desember 2017). «INTERVJU Mia Dimšić otkrila nam je kako je nastao hit Život nije siv: "Skupile su se frustracije"». Index.hr. Henta 20. februar 2022. 
  2. «Mia uspješno počinje s Budi mi blizu». Hrvatska radiotelevizija. 1. september 2015. Arkivert frå originalen 25. april 2019. Henta 20. februar 2022. 
  3. «Glazbena senzacija godine Mia Dimšić ima prvi album "Život nije siv"!». www.vecernji.hr (på kroatisk). Henta 20. februar 2022. 
  4. «Top of the Shop: Week 14 2017». HDU (på kroatisk). Henta 3. desember 2017. 
  5. «Miji Dimšić zlatna ploča za nakladu albuma ‘Život nije siv’ – HDU» (på kroatisk). Arkivert frå originalen 20. desember 2021. Henta 20. februar 2022. 
  6. «Mia Dimšić objavila novi album "Božićno jutro"». Glas Slavonije (på kroatisk). 29. november 2017. Henta 3. desember 2017. 
  7. «Udružili su snage: Mia Dimšić i Marko Tolja novi su glazbeni par». tportal (på kroatisk). 30. juli 2019. Henta 18. desember 2019. 
  8. «Mlada Beta Sudar po prvi put na listi». top-lista (på kroatisk). 29. juli 2019. Henta 18. desember 2019. 
  9. «'Sva blaga ovog svijeta' Mije i Marka Tolje na tronu liste». top-lista (på kroatisk). 19. august 2019. Henta 18. desember 2019. 
  10. «Croatia: Mia Negovetic and Bernarda among the 14 acts confirmed for Dora 2022». wiwibloggs (på engelsk). 17. desember 2021. Henta 20. februar 2022. 
  11. «Mia Dimšić wins 'Dora' – will fly the Croatian flag at Eurovision 🇭🇷». Eurovision.tv (på engelsk). 19. februar 2022. Henta 20. februar 2022. 
  12. «First Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.