Michael Jordan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Jordan
235px
Fødd 17. februar 1963
Brooklyn
Michael Jordan på Commons

Michael Jeffrey Jordan (fødd 17. februar 1963 i New York) er ein tidlegare korgball-spelar frå USA og ein av verdas best kjende korgballspelarar. Jordan er 1,98 høg og spelte størsteparten av karrieren sin for Chicago Bulls.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Michael Jordan vart fødd i Brooklyn, New York. Han var ein av James og Deloris Jordan´s fem barn. Då han var sju år gammal, flytta han saman med familien til Nord-Carolina. Faren til Michael Jordan, James Jordan, jobba for General Electric som ein gaffeltruck operatør og seinare va promotert til oppsynsmann. Mora til Michael Jordan, Deloris Jordan jobba som bankkasserer. Faren til Jordan lærde han å jobba hardt og ikkje å bli freistast av gate livet. På ein ung alder viste Michael Jordan at han var dugeleg i fleire sportsgrener som korgball, baseball og amerikansk fotball.

Tidleg korgballkarriere[endre | endre wikiteksten]

Da Michael Jordan gjekk i 10 klasse på Emsley A. Laney High School i Nord-Carolina, prøvde han seg på skulelaget i korgball. Han lyktast ikkje fyrste gangen, sidan han berre var 180 cm høg. Han spelte derfor på juniorlaget til skulen, og blei stjerna på laget. Sommaren det året vaks han 10 cm, og trena hardt. Han prøvde seg igjen på skulelaget, og fekk plass på laget sesongen etter. Michael fekk vist sitt potensial som basketballspelar da han scora i gjennomsnitt 25 poeng i kvar einaste kamp dei to neste sesongane. Som seniorspelar blei han utnemna til McDonald´s All-American Team. Etter denne kampen fekk Jordan sportsstipend hos universitetet i Nord-Carolina. Som collegespelar i fyrsteklasse blei han valt til årets nykommar. Jordan blei ikkje lagt ordentlig merke til på laget før dei møtte Georgetown i det nasjonale meisterskapet for collegelag i 1982. I denne kampen fekk Jordan ballen i siste sekund, og scora tre avgjerande poeng for laget som gjorde at Nord-Carolina blei meistre.

I OL 1994 i Los Angeles, blei Michael valt ut til å spele for USA. Han blei ein av dei sentrale spelarane, og scora i gjennomsnitt 17,1 poeng i kvar kamp under årets OL. På denne tida var han fortsatt berre collegespelar, men hadde også blitt drafta til NBA.

NBA-karriere[endre | endre wikiteksten]

Michael Jordan vart trekt opp som den tredje spelaren i draftet i 1984 . Det tyder at både Houston Rockets og Portland Trail Blazers hadde moglegheita til å signera Jordan etter college, men han blei ikkje velta av nokon dei. Allereie i fyrsten sin sesong for Chicago Bulls blei Michael Jordan ein publikumsfavoritt då han scora i snitt 28,2 poeng per kamp. Berre ein månad etter at han starta karrieren sin i NBA, kom han på forsida av Sports Illustated med overskrifta "A star is born". Jordan vart som forventa velta til sesongen sin All-Star-kamp der òg fleire store stjerner frå NBA deltok. Mange av desse stjernene var svært lei av Michael Jordan og all merksemd han fekk. Dei frøys han ut og la vera å sentra til han. Jordan vart velta som "årets nykommar" same sesong.

Sesongen etter (1985-86) vart nokså øydelagt for Jordan, då han måtte stå over 64 av dei 82 kampane med ein broten føter. Han vart heldigvis kampklar til slutspelet. Han fekk ein ny personleg rekord då han scora 63 poeng i ein kamp, og i den følgjande sesongen scora Jordan over 3 000 poeng samanlagt. Han fekk likevel ikkje prisen for NBA sin mest verdifulle spelar, den fekk Magic Johnson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[1] [2] [3]

  1. http://www.notablebiographies.com/Jo-Ki/Jordan-Michael.html
  2. http://www.nba.com/playerfile/michael_jordan/index.html
  3. http://www.nba.com/playerfile/michael_jordan/bio.html