Michael Kusugak
Michael Kusugak | |
Fødenamn | Michael Arvaarluk Kusugak ᐊᕐᕚᕐᓗᒃ ᑯᓱᒐᖅ |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 27. april 1948 (76 år) Naujaat |
Yrke | skribent, barnebokforfattar, Forteljar |
Michael Arvaarluk Kusugak (fødd 27. april 1948) er ein kanadisk inuittisk forteljar og barnebokforfattar som fortel soger om Arktis og inuittisk kultur.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Han blei fødd like nord for Chesterfield Inlet, på ein stad kjend som Qatiktalik (engelsk Cape Fullterton). Seinare same året flytta han og familien til Repulse Bay, og i 1960 til Rankin Inlet. Han har seinare budd i Sooke i Britisk Columbia.
I 1954, då han var seks, blei Michael Kusugak og mange av vennane hans henta av eit fly og sende til internatskule. Lærarane var strenge og let ikkje ungane snakka morsmålet sitt, inuktitut. Kusugak har seinare fortald at han sat bak i klassen og gret det meste av tida. Året etter klarte Michael å gøyma seg då flyet kom for å ta han og vennene hans vekk att. Året etter blei drog likevel til skulen, og blei ein av dei fyrst inuittane i austlege Arktis til å gå ut frå high school. Han utdanna seg vidare i Yellowknife, Churchill og Saskatoon. Seinare har han arbiedd som utdanningsadministrator for Nunavut Arctic College.
Michael Kusugak voks opp med eit tradisjonelt, nomadisk inuittliv med familien. Om kvelden pleide Michael å bønnfalla bestemor si om å fortelja ei soge heilt til ho gav seg og gjorde det. Det var i dette miljøet Michael utvikla si eiga forkjærleik for forteljing. Det var først då Michael fekk sine eigne barn at han oppdaga at det knapt fanst noko skrive for ungar om livet i Arktis, så han byrja fortelja dei sogene frå bestomar. Seint på 1980-talet vitja forfattaren Robert Munsch ein lokal skule, og budde hjå familien Kusugak. Michael Kusugak skreiv si fyrste bok i lag med Munsch, A Promise is a Promise, som kom ut i 1988. Kusugak heldt fram med å skriva. Bøkene hans er blitt gjevne ut på fransk, koreansk, japansk og med blindeskrift.[1]
Nesten alle bøkene til Kusugak er illustrerte av Vladyana Krykorka. Krykorka flytta til Toronto frå Praha etter at Sovjetunionen invaderte Tsjekkoslovakia. Ho illustrerte A Promise is a Promise i 1988, og har sidan vitja Nunavut mange gonger for å læra å kjenna, fotografera og måla folket og landskapet der. Ho har også skrive og illustrert sine eigne bøker om landet og dyra i nord: Arctic Land, Arctic Sea og Arctic Sky.[2]
Saturnmånande Ijiraq, Kiviuq og Siarnaq blei gjevne namn avastronomen John J. Kavelaars etter at han hadde lese om figurane i ei av bøkene til Kusugak. Paaliaq, ein annan saturnmåne, har namn etter ein av Kusugak sine eigne figurar som opptrer i The Curse Of The Shaman: A Marble Island.[3]
Verk
[endre | endre wikiteksten]- A Promise is a Promise (med Robert Munsch, 1989)
- Baseball Bats for Christmas (1990)
- Hide and Sneak (1992)
- Northern Lights: The Soccer Trails (1993)
- My Arctic 1,2,3 (1996)
- Arctic Stories (1998)
- Who Wants Rocks? (1999)
- The Curse of the Shaman, A Marble Island Story (2006)
- The Littlest Sled Dog (2008)
- T is for Territories: A Yukon, Northwest Territories, and Nunavut Alphabet (2013)
- Baby Arctic Animals (2014)
- Birds Come and Go (2014)
- A Dog Team (2014)
- I Build an Igloo (2014)
- Snow (2014)
- On Waiting (Illustrert av Susan Thurston Shirley, 2016)[4]
- Inuit, Tundra and Ravens (2017)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Michael Kusugak at Michael Kusugak». Arkivert frå originalen 3. oktober 2009. Henta 19. november 2008.
- ↑ «Vladyana Langer Krykorka». Arkivert frå originalen 3. juli 2019. Henta 30. november 2022.
- ↑ Cheryl, Petten. «Naming Saturn's moons». Ammsa.com (på engelsk). Aboriginal Multi-Media Society. Henta 8 May 2020. «"And then a few weeks later I was reading this book to my children called Hide and Sneak by Michael Kusugak and it had this creature called the Ijiraq in it. And I thought, 'Hey, that's a good name, and here's a story that goes with it. I'm all set.' And so then I contacted Michael and said, 'Okay, I want to use Ijiraq as one of the names. Got any other ideas?' And we discussed it for, actually, over I guess the course of the year, a number of e-mails back and forth, and came up with a set of names.»
- ↑ Kusagak, Michael (2016). Arctic comics (på engelsk). ISBN 978-1-987825-03-9. OCLC 953564105.
- Denne artikkelen bygger på «Michael Kusugak» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2022.