Inuktitut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inuktitut
ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ, Inuktitut, Inuttitut, Inuktitun, Inuinnaqtun, Inuttut m.fl.
Klassifisering eskimoisk-aleutisk
 inuit
  Inuktitut
Bruk
Tala i Canada (Nunavut, Nunavik, Northwest Territories, Nunatsiavut)
Område Nordre Nord-Amerika
Inuktituttalande i alt 30 000
Skriftsystem Det kanadiske stavingsalfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i Nunavut, Northwest Territories
Normert av Inuit Tapiriit Kanatami og andre lokale institusjonar
Språkkodar
ISO 639-1 iu
ISO 639-2 iku
ISO 639-3 iku
Glottolog east2534

Inuktitut (ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ, bokstaveleg 'som inuittane') er eit språk eller ei samling dialekter som høyrer til den eskimoisk-aleutiske språkgruppa som blir snakka nord for tregrensa i Canada: Newfoundland og Labrador (NFL), Quebec og i noko grad i nordaustre Manitoba og i territoria Nunavut, Northwest Territories (NWT) og av tradisjon på Yukonkysten mot Nordishavet. I følgje kanadisk statistikk finst det rundt 30 000 talarar av inuktitut, der om lag 200 bur heilt eller tidvis utanfor dei tradisjonelle inuittiske områda.

Inuktitut har status som offisielt språk i Nunavut og NWT. Det har også rettsleg status i Nunavik, i Quebec, mykje takka vere James Bay and Northern Quebec Agreement og blir anerkjent i staden for det franske språket som det offisielle undervisningsspråket i dei inuittiske skoledistrikta i Nunavik. Etter at den føderale kanadiske regjeringa og provinsen NFL anerkjende språket, har inuktitut òg hatt ein avgrensa offisiell status i Labrador.

Dialektar og variantar[endre | endre wikiteksten]

Inuittspråk, utbreiinga til ulike dialektar i Arktis.

Nordvestterritoria og Yukon[endre | endre wikiteksten]

Inuittane i Nordvestterritoria i Canada kallar seg sjølv inuvialuit og lever i første hand i Inuvialuit Settlement Region, den nordlege delen av elvedeltaet til Mackenzieelva, den arktiske kysten av NWT og Yukon, Banksøya, ein del av Victoriaøya og ytterlegare nokre fjerne og berre periodevis folkesette arktiske øyar. Dei ulike språkvariantane i NWT brukar iblant kollektivt å bli kalla inuvialuktun, noko som er ei misvisande generalisering. Inuvialuit består av tre distinkte dialektar:

  • Siglitun: Blir snakka framfor alt i Paulatuk, Sachs Harbour og Tuktoyaktuk. Siglitun var ein gong den største dialekten i Mackenziedeltaet, men talet på talarar minska dramatisk etter at epidemiar av nye sjukdommar braut ut på 1800-talet, og under fleire år trudde ein att siglitun var helt utdøydd. Først på 1980-talet oppdaga ein at dialekten framleis vart snakka.[1]
  • Uummarmiutun: Blir snakka i hovudsak i Inuvik og Aklavik. Uummarmiutun er meir eller mindre identisk med alaskadialekten inupiatunog i Kanada, framfor alt fordi dei gjennom migrasjon frå Alaska på 1910-talet flytta tilbake til dei områda dei drog bort frå under dei øydeleggjande epidemiane på1800-talet.[2]

Inuvialuktundialektane er alvorleg trua etter at engelsk i løpet av dei seinaste åra har vorte kvardagsspråk i samfunna i NWT. Undersøkingar som har vorte gjort gjev litt varierande opplysningar, men alle gjev bilete av at dialektane ikkje er livskraftige. Etter Inuvialuit Cultural Resource Centre talar berre 10 % av befolkninga noka form av inuktitut og berre 4 % bruker språket i heimen.[3] Statistics Canada si folketeljing frå 2001 gjev eit noko lysare bilete med 765 som oppgjev at dei tala inukitut, av ei befolkning på 3 905 personar. Med tanke på det store talet ikkje-inuittar som lever i inuvialuitområda og saknet av ein felles dialekt blant dei talarane som er att, ser framtida for inuittspråket i NWT dyster ut.

Nunavut[endre | endre wikiteksten]

Nunavut opptar geografisk det største området i den inuittiske verda (utan å rekne med det indre av Grønland). Det omfattar store delar av det kanadiske fastlandet og eit stort tal øyar, eit enormt område som blir delt opp av elvar og sund, av Hudsonbukta og hav som berre periodevis frys. I dette området finst det mange dialektar, men samanlikna med alle andre like gamle språkfamiliar er det oppsiktsvekkjande draget innanfor inuktitut at det er så små språklege skilnader over dei enorme avstandane.

I Nunavut finst det fire offisielle språk: Engelsk, fransk, inuktikut og inuinnaqtun, men i kva omfang inuktitut og innuinnaqtun skal bli betrakta som ulike språk er omdiskutert. I praksis brukar ein ofte «inuktitut» som term for alle språka.

Demografisk er situasjonen betryggjande i Nunavut. Det bur 24 000 i territoriet, 80 % av dei talar inuktitut (2001), og av desse oppgjev omkring 3 500 at dei er einspråklege. Statistikk frå 2001 viser at til og med om delen talarar er noko høgare i eldre generasjonar, så har bruken av inuktitut slutta å minske i Canada, og språket kan til og med auke i Nunavut.

  • Inuinnaqtun er ein språkvariant som blir snakka i den vestre delen av Kitikmeotregionen i Nunavutog i Holman i NWT. Sjølv om det finst fleire grunnar til å sjå inuinnaqtun som ein eigen variant av inuktitut, er dei mest openberre kjenneteikna eit ytre: den tradisjonelle inuktitut-stavingsskrifta vert ikkje bruka, i staden bruker ein det latinske alfabetet. Styresmaktene i Nunavut ser rett nok inuinnaqtun som eit av dei offisielle språka i territoriet, men mange ser i staden det heilt enkelt som vanleg inuktitut skrive med det latinske alfabetet. Den latinske transkriberinga av inuinnaqtun er likevel ikkje den same som for dei vestre dialektane i Nunavut.
  • Natsilingmiutut viser til fleire variantar som blir snakka i Natsilik, den austre delen av Kitikmeot. Dei som talar dialekten kallar den sjølv nattilingmiutut. Av desse variantane blir iblant utkuhiksalingmiutut betrakta som ein egen dialekt. Han blir i dag framfor alt snakka i Gjoa Haven, men har tradisjonelt vorte snakka i eit større område som til og med inkluderer Franklin Lake og eit område kring Chantreyvika.
  • Sørbaffin (Qikiqtaaluk nigiani) er dialekten som blir snakka på den sørlege Baffinøya, også på den viktigaste buplassen, Iqaluit. I og med at mykje av massemedia på inuktitut kjem frå nettopp Iqaluit har Sørbaffin fått stor spreiing dei siste åra. Ein del lingvistar vil skilje ut austbaffin som ytterlegare ein dialekt på Baffinøya.

Nunavik[endre | endre wikiteksten]

I Quebec bur det omtrent 10 000 inuittar. Så godt som alle bur i Nunavik, der 90 % av folkesetnaden etter folketeljinga 2001 snakka inuktitut.

Nunavikdialekten (nanuvimmiutitut) ligg relativt nære sørbaffin, men er ikkje heilt identisk med den. Grensa mellom Nunavik og Nunavut har gjort gjeve Nunavik ei anna regjering og andre utdanningsorgan enn dei andre inuktitutregionane. Standardiseringa av Nunavik-dialekten har gjort den ulik andre former av inuktitut. Inuktitut heiter på denne dialekten inuttitut og i blant til og med tarramiutut eller taqramiutut.

Nunatsiavut[endre | endre wikiteksten]

Nunatsiavutdialekten (nunatsiavummiutut, i offisielle dokument ofte kalla labradorimiutut) vart opphavleg snakka over heile den nordlege Labrador. Den har eit eige skriftsystem som vart laga av herrnhutistmisjonærar frå Grønland på 1760-talet. Dette skriftspråket, og den relativt isolerte stillinga som Nunatsiavut har samanlikna med andre inuittiske samfunn har gjort at det har vorte ein egen dialekt med ein egen litterær tradisjon. Nunatsiavummiut kallar språket sitt inuttut.

I Nunatsiavut oppgav fleire enn 4 000 av innbyggjarane at dei var av inuittisk opphav, men berre 550 oppgav inuktitut som morsmål ved folketeljinga i 2001, dei fleste budde i Nain. I Labrador er altså inuktitut eit truga språk.

Ein separat Nunatsiavutdialekt som skal ligge betydeleg nærare dei vestre inuktitutdialektane vart snakka kring Rigolet. Etter eit oppslag i media hadde dialekten berre tre eldre talarar i 1999.[5]

Fonologi og fonetikk[endre | endre wikiteksten]

Dei austkanadiske inuktitutdialektane har femten konsonantar og tre vokalar (som kan vere lange eller korte). Konsonantane har fem artikulasjonsstadar: bilabial, alveolar, palatal, velarog uvular; og tre artikulasjonsmåtar: ustemt klusil, stemte approksimantar og nasalar og ytterlegare to lydar - ustemte frikativar.

Natsalingmiutut har ytterlegare ein konsonant /ɟ/, eit rudiment av dei retroflekse konsonantar som fanst i førinuittisk. Inuinnaqtun har ein konsonant mindre, i og med at distinksjonen mellom /s/og /ɬ/ ikkje lenger blir oppretthalden, men blir realisert som /h/. Inuktitutdialektane har berre tre vokalar, men vokallengde er distinktiv. Innujingajut, den standardiserte latinske transkriberingsforma i Nunavut, skriv lange vokalar med dobbel vokal.

Vokaler
  IPA inuujingajut Allofonar
Kort open fremre urunda /a/ a
Lang open fremre urunda /a:/ aa
Kort lukka fremre urunda /i/ i [e], [ɛ]
Lang lukka fremre urunda /i:/ ii
Kort lukka bakre rundad /u/ u [o], [ɔ]
Lang lukka bakre rundad /u:/ uu
Konsonantar ({inuujingajut} og /IPA/)
Labial Alveolar Palatal Velar Uvular Noter
Ustemt klusil {p}  /p/ {t}  /t/ {k}  /k/ {q}  /q/
  • Alla klusiler er uaspirert
  • /q/ blir no og då skrive {r}
Ustemt frikativ {s}  /s/
{ł}  /ɬ/
({h}  /h/)
  • /ɫ// blir ofte skrive som {&} eller heilt enkelt som {l}
  • /h/ representerer /s/ i kivallirmiututog natsilingmiutut; i inuinnaqtun representerer det både /s/ og /ɫ/.
Stemt {v}  /v/ {l}  /l/ {j}  /j/
({j}  /ɟ/)
{g}  /g/ {r}  /ɢ/
  • /ɟ/ som vantar i dei fleste av dialektane, blir ikkje skrive ut
  • /g/ realiserast som [ɣ] i siglitun,og same form opptrer som allofon intervokalisk eller mellom vokal og approksimant, til og med i andre dialektar.
  • /ɢ/ blir assimilisert til [ɴ] framfor nasalar
Nasal {m}  /m/ {n}  /n/ {ng}  /ŋ/

Morfologi og syntaks[endre | endre wikiteksten]

Inuktitut, til liks med andre agglutinerande eskimoisk-aleutiske språk, har eit rikt morfologisk system der ein serie ulike suffiks kan leggast til ein ordstamme. Inuktitut har hundrevis av suffiks, visse dialektar så mange som 700. Desse suffiksa har likevel ei svært einsarta form, i motsetnad til dei bøyingsformene som opptrer i flekterande språk som t.d. norsk.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Inukitut kan bli skrive på fleire ulike måtar, avhengig av både dialektale skilnader og av historiske og politiske faktorar. Dei første som skreiv på inuktitut var nokre herrnhutismemisjonærar, dei utvikla eit skriftspråk med latinske bokstavar for språkvariantar på Grønland og i Labrador, m.a. brukar ein teiknet ĸ. På Grønland gjekk dei gjennom ei større rettskrivingsendring i 1973, noko som inneber at denne ortografien berre er i bruk i Nunatsiavummiutut på Labrador. Dei fleste inuktituttalarane i Nunavut og Nunavik bruker i dag ei inuitisk stavingsskrift basert på Canadas nasjonale skriftsystem. I NWT og dei vestre delane av Nunavut blir inuinnagtun brukt, eit skriftsystem med latinske bokstavar, som vart skapt av dei misjonærane som verka i området i slutten av 1800-og byrjinga av 1900-talet.

Kanadisk stavingsskrift[endre | endre wikiteksten]

Stavingsskrifta som blir brukt for å skrive inuktitut (titirausiq nutaaq). Teikn med prikk representerer lange vokalar som blir skrive med doble vokalar i latinsk transkripsjon.

Den inuktitutske stavingsalfabetet i Canada utgår frå creeindianarane si stavingsskrift som vart laga av misjonæren James Evans. Den skrifta som blir brukt i dag vart teken i bruk av Det inuittiske kulturinstituttet i Canada på 1970-talet. Inuittane i Alaska, inuvialuitfolk, inuinnagtuntalare og inuittane på Grønland og i Labrador bruker det latinske alfabetet, tilpassa etter deira behov på ulike måtar.

Sjølv om inuittane sitt skriftsystem av tradisjon blir kalla for ei stavingsskrift, så blir det klassifisert som ein abugida, det vil seia eit skriftsystem der mange stavingar med same innleiande konsonant har glyffar med same konsonantbase med ulike alternasjonar for å representere stavinga til vokalen.

Alle teikna i inuktitutskrifta finst i Unicodes Unified Canadian Aboriginal Syllabics character table.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mange av døma i denne artikkelen er henta frå Introductory Inuktitut og Inukitut Linguistics for Technocrats.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dorais, PDF: Arctic languages: an awakening, pg. 194
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 3. april 2006, henta 14. januar 2006 
  3. http://www.pch.gc.ca/progs/em-cr/eval/2003/2003_01/11_e.cfm
  4. (Dorais, Arctic languages: an awakening, s 194, PDF)
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. oktober 2007, henta 14. januar 2006 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediainuktitut