Midnight Ride av Paul Revere & The Raiders
Midnight Ride Studioalbum av Paul Revere & the Raiders | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. mai 1966 | |
Innspelt | 1966 | |
Sjanger | Poprock, rock and roll, garasjerock, proto-punk | |
Lengd | 29:08 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Terry Melcher | |
Paul Revere & the Raiders-kronologi | ||
---|---|---|
Just Like Us! (1966) |
Midnight Ride | The Spirit of '67 (1966)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Midnight Ride er det femte studioalbumet til den amerikanske poprockgruppa Paul Revere & the Raiders, gjeve ut av Columbia Records (CS 9308) den 6. mai 1966. Det vart produsert av Terry Melcher og inneheldt den amerikanske hitsingelen «Kicks.»[2] Albumet inneheld òg «(I'm Not Your) Steppin' Stone», ein song The Monkees spelte og fekk ein hit med i 1967.[3]
Albumet er unikt i banddiskografien deira, sidan det inneheld songar skrivne av alle dei fem medlemmane i bandet.[4] Stilmessige endringar og krangling om kven som skulle få sine songar med på albumet, førte til at sologitaristen Drake Levin slutta etter dette albumet kom ut.[4] Albumet markerte òg slutten på forholdet deira med songforlagshuset Brill Building, der «Kicks» og «(I'm Not Your) Steppin' Stone» vart skrivne.[5]
Utgjeving og mottaking
[endre | endre wikiteksten]Midnight Ride nådde niandeplassen på den amerikanske Billboard 200-lista.[6] 20. mars 1967 hadde albumet seld til gullplate.[7] Musikkritikaren Bruce Eder sa at albumet «markerte høgdepunktet til Paul Revere & the Raiders som ei kjelde til flotte album.»[4]
Albumet er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die av Robert Dimery og Michael Lydon.[8]
I 1986 vart songen «Kicks» spelt av The Monkees på albumet Then & Now... The Best of The Monkees.
Midnight Ride vart nymastra og gjeve ut på ny den 1. februar 2000 av Sundazed Records med bonusspor.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Kicks» | Mann, Weil | 2:28 |
2. | «There's Always Tomorrow» | Levin, Smith | 2:39 |
3. | «Little Girl in the 4th Row» | Lindsay, Revere | 2:58 |
4. | «Ballad of a Useless Man» | Levin | 2:08 |
5. | «(I'm Not Your) Steppin' Stone» | Boyce, Hart | 2:31 |
6. | «There She Goes» | Lindsay, Revere | 1:47 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «All I Really Need Is You» | Lindsay, Revere | 3:27 |
8. | «Get It On» | Levin, Volk | 3:12 |
9. | «Louie, Go Home» | Lindsay, Revere | 2:41 |
10. | «Take a Look at Yourself» | Lindsay, Revere | 1:48 |
11. | «Melody for an Unknown Girl» | Lindsay, Revere | 1:59 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Shake It Up» | |
13. | «Little Girl In The 4th Row» (italiensk versjon) | |
14. | «SS 396» | |
15. | «Corvair Baby» |
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1966) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard 200[6] | 9 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Mark Lindsay – solovokal (1, 3-7, 9-11)
- Drake Levin – sologitar, korvokal, tekst i omslaget
- Paul Revere – orgel, korvokal, arrangør
- Phil «Fang» Volk – bassgitar, kor- og solovokal (8), tekst i omslaget
- Mike «Smitty» Smith – trommer, solovokal (2)
- Hal Blaine – trommer på «Kicks»
- Teknisk
- Bob Irwin – mastering
- Terry Melcher – arrangør, produsent
- Rich Russell – design
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Midnigth Ride (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ «Paul Revere & the Raiders - Charts & Awards - Billboard Singles». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 2. mai 2018.
- ↑ «The Monkees - Charts & Awards - Billboard Singles». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 2. mai 2018.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Eder, Bruce. «Midnight Ride - Review». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 2. mai 2018.
- ↑ Dominic, Serene. «Phoenix Music - Paul Revere and the Raiders». Phoenix New Times (New Times Media). Arkivert frå originalen 3. november 2012. Henta 2. mai 2018.
- ↑ 6,0 6,1 «Paul Revere & the Raiders - Charts & Awards - Billboard Albums». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 2. mai 2018.
- ↑ «RIAA - Gold & Platinum». RIAA. Arkivert frå originalen 26. juni 2007. Henta 2. mai 2018.
- ↑ ^ Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2.