Garasjerock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Garasjerock
Stilmessig opphav: Tidleg rock and roll, rockabilly, beat, R&B, soul, blues, surferock, fratrock, instrumentalrock
Kulturelt opphav: slutten av 1950-åra i USA tidleg i 1960-åra i Canada
Typiske instrument: Elektrisk gitar - bass - trommer - tangentinstrument - tamburin - munnspel
Populær periode: Midten av 60-åra i USA og Canada
Avleidde former: Punkrock - garasjerock revival - powerpop - glamrock - indierock - tyggegummipop - psykedelisk rock - protopunk - hardrock - krautrock - Wong shadow - punkblues - psychobilly - enkelte boyband har element av garasjerock på 2000-talet.
Undersjangrar
Acidpunk - garagepunk

Garasjerock er ein upolert form for rock and roll som først var populær i USA og Canada frå om lag 1963 til 1967.[1] I 1960-åra vart han ikkje rekna som ein eigen musikksjanger og hadde ikkje eit eige namn. Tidleg i 1970-åra starta enkelte rockekritikarar å kalle det punkrock. Seinare vart musikkstilen kalla garasjerock eller '60s Punk for å unngå forveksling med punkrockband seint i 1970-åra som The Ramones, Sex Pistols og The Clash.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av stilen starta heilt tilbake i 1958. «Dirty Robber» av The Wailers og «Louie Louie» av The Kingsmen er kjende døme på sjangeren i denne utviklingstida.

I 1963 starta singlane til garagebanda å krype inn på dei nasjonale listene, mellom andre Paul Revere and the Raiders (Boise), the Trashmen (Minneapolis) og the Rivieras (South Bend i Indiana). Andre viktige garageband, som the Sonics (Tacoma i Wa.), nådde aldri Billboard 100.

Mange tidlege garageband hadde òg ein fot i fratrock. Fratrock (ein annan viktig foregjengar til punkrock) var òg ein laust definert sjanger innan rock and roll med rå og energisk festmusikk. Stundom vert fratrock sett på som ein undersjanger av garasjerock.

«Den britiske bølgja» i 1964-1966 påverka garageband i stor grad, og mange lokale amerikanske badn (ofte surfe- eller hot rod-grupper) starta å blande sin eigen stil med den britiske. Den britiske bølgje førte òg til at det vart danna mange nye, uferdige band. Gargaband var i hovudsak påverka av britiske «beatgrupper» med ein hardare, bluesbasert stil, som The Kinks, The Who, The Animals, The Yardbirds, The Small Faces, The Pretty Things, Them, [2] og The Rolling Stones. Ei anna inspirasjonskjelde var folkrock-artistane the Byrds og Bob Dylan, særleg for band som the Leaves.

Når ein i dag ser tilbake på sjangeren er ein generelt einige om at sjangeren nådde toppen både kommersielt og kunstnarisk i 1966. Etter dette gjekk det sakte tilbake, og i 1970 var sjangeren i det heile lagt død.

Uttrykket «garasjerock» kjem frå at mange av artistane var ungen og amatøraktige, og ofte øvde i garasjen heime hos foreldra sine. Denne konnotasjonen vekker òg ein forstad- og mellomklasse-setting. Garagebanda var likevel ikkje berre forstadsungdom frå mellomklassen, men òg frå landet og byen, meda andre band bestod av profesjonelle musikarar.

Framføringa var ofte amatøraktig eller naiv. Typiske tema omhandla high school-problem. Tekstane og framføringa var merkbar meir aggressiv enn det som var vanleg på denne tida, ofte med skrikande eller brummande vokal. Songar om å kome til sengs med jenter var særleg vanlege. På overflata tyder dette på at musikken var særs avgrensa. I røynda var dei forskjellige garagebanda ganske så ulike, både når det gjaldt musikalsk dugleik og stil. Banda varierte frå ett-greps primitivitet (t.d. the Seeds, the Keggs) til nesten studiokvalitet (t.d. the Knickerbockers, the Remains og the Fifth Estate). Det var òg variasjonar frå region til region og statane Washington og Oregon hadde den regionale stilen som var lettast å kjenne igjen.

Det fanst tusenvis av garageband i USA og Canada på denne tida. Fleire av dei fekk nasjonale hittar, som «Louie Louie» av The Kingsmen (1963-64), «Psychotic Reaction» av The Count Five (1966), «Pushin' Too Hard» av The Seeds (1966), «Gloria» av the Shadows of Knight (1966), «96 Tears» av Question Mark and the Mysterians (1966), «Talk Talk» av The Music Machine (1966), «Dirty Water» av The Standells (1966), «Double Shot (of My Baby's Love)» av The Swingin' Medallions (1966), «Respect» av The Rationals (1966) og «Little Bit O'Soul» av The Music Explosion (1967).

Hundrevis av garageband vart òg særs populære i regionane dei kom frå.

Dei fleste garageband var kommersielt mislykka, trass i at fleire av dei fekk kontrakt med store plateselskap. Til dømes vart «Going All the Way» av The Squires gjeve ut på eit nasjonalt selskap (Atco) og vert i dag rekna som ein klassikar, men vart ikkje ein hit nokon stad.

I 1968 hadde stilen i stor grad forsvunne frå dei nasjonale listene (den vesle hitten «Question of Temperature» av The Balloon Farm er det einaste unntaket). Han forsvann òg på lokalt nivå og nye stilartar utvikla seg og erstatta garasjerocken (som progressiv rock, countryrock, tyggegummipop, m.m.) og musikkindustrien trekte seg ut. I Detroit heldt garasjerockband det gåande fram til tidleg i 1970-åra, men hadde ein mykje meir aggresiv stil enn tidleg garasjerock. Desse banda vert òg i stor grad rekna som proto-punk eller proto-hardrock.

Revival[endre | endre wikiteksten]


Garasjerock revival
Stilmessig opphav: Garasjerock
Garagepunk
Indierock
Kulturelt opphav: seint i 1990-åra - tidleg i 2000-åra i Canada - USA - Storbritannia
Typiske instrument: Elektrisk gitar - bass - trommer - tangentinstrument - tamburin - munnspel
Populær periode: 2000-åra

Garasjerock revival er eit musikalsk fenomen som i stor grad er påverka av dei tidlege garasjerockbanda frå 1960-åra. Dei tidlegare røtene kan sporast tilbake til tidleg i 1970-åra med plata Nuggets i 1972 og held fram i dag i den vestlege verda med unge musikarar. Protopunk-band tidleg i 1970-åra som The Stooges og The New York Dolls var utan tvil garage rock revival-band. Iggy Pop hadde på midten av 60-åra spelt i The Iguanas, eit garageband frå Detroit og spelt andre songar som passa inn i sjangeren.

På midten av 1970-åra og utover tiåret kom fleire viktige garagepunk-band, som inspirerte all seinare garasjerock, mellom andre The Ramones, som ofte vert rekna som det første amerikanske punkbandet.

I 1980-åra oppstod ein ny garasjerock-renessanse med mange band knytt til undergrunnsrørsla. Dei prøvde å etterlikne lyden, stilen og utsjånaden til garageband frå 1960-åra. Dette var band som The Chesterfield Kings, The Fuzztones, The Milkshakes, the Morticians, the Gruesomes og The Cynics. Denne trenden oppstod samstundes med renessansen til surferock og begge stilane blanda seg inn i alternativerock-rørsla den framtidige grønsj-eksplosjonen.

Denne rørsla utvbikla seg til ein enno meir primitiv form for garasjerock som vart kjend som garagepunk seint i 1980-åra, takka vere band som The Gories, Thee Mighty Caesars, The Mummies, Thee Headcoats og The Devil Dogs. Bands som spelte garagepunk skil seg frå garasjerock revival-band ved at dei var mindre karikaturaktige og stilen deira var enno meir larmande og upolert, ofte med element av protopunk og punkrock frå 1970-åra (derfor namnet «garagepunk»).

Garasjerock revival og garagepunk eksisterte samstundes i 1990- og 2000-åra med mange sjølvstendige plateselskap som gav ut tusenvis av album over heile verda. Some av dei meir produktive plateselskapa var Estrus, Hangman, Rip Off, MuSick, In The Red, Telstar, Crypt, Dionysus, Get Hip, Bomp!, Music Maniac og Long Gone John sitt Sympathy for the Record Industry.

I 2000-åra har garasjerock revival vorte mainstream og fått meir speletid på radio. Dei fire førande banda innan sjangeren på 2000-talet har vore The Hives, The Vines, The Strokes og The White Stripes. Mindre kjend band som Billy Childish og The Buff Medways, The Boss Martians, The (International) Noise Conspiracy, Satan's Pilgrims, The 5.6.7.8's, The New Bomb Turks, the Oblivians, Teengenerate, «Demons», Mando Diao, The Makers, The Mooney Suzuki, The Flaming Sideburns, Guitar Wolf, Lost Sounds, Fuzz Party Invitation, The Kills, White Denim og The Young Werewolves oppnådde ein viss suksess i undergrunnsrørsla. Andre band som oppnådde ein viss suksess har vore The Libertines, Black Rebel Motorcycle Club, The Dandy Warhols, The Jack Cade Rebellion, Maddison Street Riot, The Datsuns, Kings of Leon, Jet, The Black Keys, Arctic Monkeys, Dirty Pretty Things, Babyshambles, The Pattern, The Fratellis, The Hellacopters og Yeah Yeah Yeahs

Seint i 1990-åra vart Steven Van Zandt («Little Steven») ein talsmann og forlagsstillar for både gargageband og har halde konsertar og festilvar i USA. I 2002 starta han radioprogrammet Underground Garage.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Garage Band Groups
  2. Allmusic om «Gloria»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]