Mike Henderson
| Mike Henderson | |||
| Fødd | 16. januar 1953 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Independence i Missouri | ||
| Død | 22. september 2023 (70 år) | ||
| Opphav | USA | ||
| Aktiv | 1981–2023 | ||
| Sjanger | Country, blues, bluegrass | ||
| Instrument | gitar, mandolin, fele, munnspel | ||
| Tilknytte artistar | The SteelDrivers | ||
| Plateselskap | RCA Nashville, Dead Reckoning | ||
| Verka som | Songar-låtskrivar | ||
Mike Henderson (16. januar 1953–22. september 2023) var ein USA-amerikansk songar-låtskrivar.
Henderson var medlem av bluesgruppa The Bel Airs då ho vart danna i Missouri i 1981.[1][2] Dei gav ut albumet Need Me a Car på Blind Pig Records i 1984.[1][3] Henderson forlet bandet i 1985 og flytta til Nashville.[1][4] Året etter vart han med i rootsrockbandet The Roosters.[4] Han var òg medlem av bandet The Kingsnakes.[4] The Kingsnakes byrja å spel ekvar veke på Bluebird Cafe i juli 1986.[5] Dei korta ned namnet til The Snakes då dei fekk kontrakt med Curb Records.[5] Albumet The Snakes kom ut på Curb i 1989.[6]
I 1988 spelte The Fabulous Thunderbirds songen «Powerful Stuff», ein song Henderson hadde skrive for The Snakes, for filmen Cocktail.[4][7] Henderson vart seinare låtskrivar for EMI.[3] Songane hans er spelt inn av Dixie Chicks, Trisha Yearwood, Gary Allan, Patty Loveless og mange andre.[8][9] Henderson arbeidde òg i Nashville som slidegitarist.[10] Han har spelt på albumet av mellom andre Emmylou Harris, John Hiatt, Joy Lynn White og Kelly Willis.[4][9]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]| Tittel | Albumdetaljar |
|---|---|
| Country Music Made Me Do It |
|
| Edge of Night |
|
| First Blood (Mike Henderson & the Bluebloods) |
|
| Thicker Than Water (Mike Henderson & the Bluebloods) |
|
Singlar
[endre | endre wikiteksten]| År | Singel | Peak positions | Album |
|---|---|---|---|
| US Country | |||
| 1994 | «Hillbilly Jitters» | 69 | Country Music Made Me Do It |
| «The Want To» | — | ||
| «If the Jukebox Took Teardrops» | — | ||
| 1996 | «I Wouldn't Lay My gitar Down» | — | Edge of Night |
| «—» syner til at utgjevinga ikkje nådde salslista | |||
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mike Henderson» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 3 «The Bel Airs Bio». The Bel Airs. Arkivert frå originalen 1. april 2016. Henta 20. januar 2015.
- ↑ Himes, Geoffrey (March 5, 1999). «MIKE HENDERSON & THE BLUEBLOODS «Thicker Than Water» Dead Reckoning». The Washington Post. Arkivert frå originalen 11. juni 2014. Henta 20. januar 2015.
- 1 2 Sherman, Jim (16. januar 1997). «Aw, Twern't Nuthin'». Houston Press. Henta 20. januar 2015.
- 1 2 3 4 5 «Mike Henderson Bio». Mike Henderson. Arkivert frå originalen 21. januar 2015. Henta 20. januar 2015.
- 1 2 «About | The Bluebird Cafe». Bluebird Cafe. Henta 20. januar 2015.
- ↑ «The Snakes – The Snakes». AllMusic. Henta 20. januar 2015.
- ↑ Galipault, Gerry (10. januar 1999). «Mike Henderson & The Bluebloods swing the blues». Pause & Play. Henta 20. januar 2015.
- ↑ Cooper, Peter (November 17, 2011). «Peter Cooper on Music: A mandolin player ZZ Top can love». The Tennessean. Henta 20. januar 2015.
- 1 2 «Mike Henderson | Credits». AllMusic. Henta 20. januar 2015.
- ↑ Skelly, Richard. «Mike Henderson | Biography». AllMusic. Henta 20. januar 2015.
- ↑ «Mike Henderson Album & Song Chart History - Country Songs». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 20. januar 2015.