Mikkel Anderssen Saxlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikkel Anderssen Saxlund
Fødd 1. januar 1778
Vang
Død

11. mars 1853
Stange

Yrke bonde, politikar

Mikkel Anderssen Saxlund (1. januar 177811. mars 1853) var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Vang i Hedmark. Han var far til Even Saxlund.

Han var fødd i Vang, der far hans var gardbrukar. Sjølv kjøpte han i 1802 garden Sakslund i Stange av svigerfaren sin. Han dreiv garden til 1849, då han tok ut kår. År 1822 fekk han i stand kjøp av Stange allmenning for 5 000 spesiedalar. 1838 vart han den fyrste ordføraren i Stange, eit verv han hadde til han døydde.

Saxlund møtte på Stortinget 1815-16 som varamann for Halvor Hoel. Sidan representerte han Hedemarkens amt på Stortinget i 1818 og 1827, samt på omframstortinget 1828. 1815-16 var han medlem av fire komitear, mellom dei var komiteen om finans- skatte-, bank- og pengestellet og komiteen om bergverkslova og Kongsberg sølvverk. I 1818 var han medlem av ti komitear, mellom dei om kontroll med bank- og pengestellet, om tjuverilovgjevinga, om sal av benefisert gods og om sivile og militære embetsgardar. På Stortinget 1828 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, om kjøpstad på Oplandene og om brennevinsbrenning. År 1818 var han medlem av Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.

Han døydde på Sakslund-garden i Stange i 1853. Femti år seinare, 1903, reiste allmenningsstyret i Stange ein minnestein på grava hans på Stange kyrkjegard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]