Mikko Hietanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikko Hietanen
Mikko Hietanen - Signature.jpg
Fødd 22. september 1911
Poljany
Død

3. februar 1999 (87 år)
Laukas

Yrke langdistanseløpar

Mikko Hietanen (22. september 19113. februar 1999) var ein finsk langdistanseløpar frå Uusikirkko i dåverande finsk Karelen. Han vart europameister i maratonløp under EM i friidrett 1946.

Hietanen sprang sitt fyrste maratonløp i 1943, og det siste etter han var fylt 70 år. Han var finsk meister på distansen åra 1945-48. I 1946 vann han gullmedaljen i eit 40,2 km langt maratonløp under friidretts-EM i Oslo på tida 2.24.55. Han vart dermed den tredje europameisteren i maraton, alle tre finnar. Andremann i Oslo var den førre europameisteren, Väino Muoninen, som fekk tida 2.26.08. Hietanen kom inn på Bislett stadion då landsmannen Viljo Heino var i ferd med å springe i mål til siger på 10000-meteren. I løpet av to minuttar sikra dei finske langdistanseløparane seg to gullmedaljar og to sølvmedaljar.

Hietanen deltok både i Sommar-OL 1948 i London og Sommar-OL 1952 på finsk heimebane. Han braut løpet i London grunna ein akilles-skade, medan han i Helsinki enda på 17. plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]