Milhsjøen
Milhsjøen | |||
saltsjø | |||
Frå verdsrommet i juni 1996
| |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Karbala guvernement | ||
Tilsig | Kanal frå Habbaniyahsjøen som kjem frå Eufrat | ||
Utløp | Eufrat | ||
Koordinatar | 32°45′N 43°38′E / 32.750°N 43.633°E | ||
Areal | 156 km² | ||
Milhsjøen 32°46′06″N 43°36′23″E / 32.768333333333°N 43.606388888889°E | |||
Kart som viser Milhsjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Milh |
Milhsjøen (بحيرة ملح, Bahr al-Milh, tyder «Saltsjøen»), òg kjend som Razzazasjøen, er ein innsjø nokre kilometer vest for Karbala i Irak. Milhsjøen ligg i ei senking i terrenget der overskotsvatn frå Habbaniyahsjøen, som kjem frå Eufrat, vert leia gjennom ein kontrollert kanal. Insjøen er oppført som eit internasjonalt viktig våtmarksområde.[1] Innsjøen er heller grunn og vassnivået endrar seg med årstidene. På grunn av salt og det skiftande vassnivået, har denne største ferskvassjøen i Irak mista mykje av fiske som fanst her og berre nokre få fritidsstader finst att kring innsjøen.[1][2]
Geograi
[endre | endre wikiteksten]Innsjøen dekkjer 156 kvadratkilometer og er omgjeve av ørkenområde, med nokre få, låge åsar langs kysten. Innjøen og området rundt ligg i ei høgd på 28 til 56 meter over havet. Vestsida av dalen som innsjøen ligg i er dekt av tjukke skogar, utanom frukthagar. I aust og sør er terrenget flatt og består av ørken. Slamflater er vanleg langs innsjøen..[1]
Dei geologiske formasjonane i og kring innsjøen består av mergel, silstein, gips og kalkstein, men hovudsakleg silt.[1]
Innsjøen ligg 95 km sørvest for Bagdad,[1] og 10 km vest for Karbala i Karbala guvernement.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Innsjøen vart fylt midt på 1970-talet, nedanfor Haur Al Habbaniya for å kontrollere flaumnivået i Eufrat.[1][4] Lokale innbyggjarar sa at vassdjupna i innsjøen vart redusert med kring 5 til 10 meter sidan 1993, under regimet til Saddam Hussein. Dette kom hovudsakleg av at for lite vatn vart avleidd frå Habbaniyasjøen, der hovudføremålet er vatning.[1] Omleiinga av vatnet er blitt avgrensa til berre éin dag kva 15. dag. Dette har òg påverka fiske i innsjøen, som tidlegare kunne utnyttast året rundt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Milh» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Division, Naval Intelligence (3. september 2014). Iraq & The Persiabukta. Routledge. ISBN 978-1-136-89266-0.
- Tyskland, American Chamber of Commerce in (1930). Transatlantic Trade: The Illustrated Magazine of the American Chamber of Commerce in Tyskland ... American Chamber of Commerce in Tyskland.
- Scott, Derek A. (1995). A directory of wetlands in the Middle East. IUCN.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Razzaza Lake (Bahr Al Milh)». Birdlife International. Henta 25 November 2015.
- ↑ «Iraq: Livelihoods at risk as level of Lake Razaza falls». IRIN News. 5 March 2008. Henta 25 November 2015.
- ↑ Scott 1995, s. 225.
- ↑ «Bahr al Milh». USGS: Earth Resources Observation and Science (EROS) Center. Henta 25. november 2015.