Karbala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karbala
by
Kerbela Hussein Moschee.jpg
Wikimedia Commons: Karbala
Kart over Irak med Karbala markert

Karbala er ein by i Irak sør for hovudstaden Bagdad som ligg inn mot Syriaørkenen. Byen er provinshovudstad i Karbalaprovinsen. Innbyggjartalet var i 2003 kring 575 000.

Nest etter Mekka utgjer byen det viktigaste religiøse senteret for sjiamuslimane i verda. I 680 døydde sjiaimamen Hussein ibn Ali i slaget ved Karbala, og er blitt rekna som martyr av sjiaer sidan. Over grava er det sett opp mellom anna tre minaretar. Gravminnet vart øydelagd i 1801 av wahhabistar, men vart snøgt bygd opp att. Sjiamuslimar innleier ofte si pilegrimsferd til Mekka med ei vitjing til Karbala.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.