Mina al Fahal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 23°37′N 58°30′E
Mina Al Fahal
region
Mina Al Fahal from sea.jpg
Mina Al Fahal frå sjøen
Land Flag of Oman.svg Oman
Koordinatar 23°37′N 58°30′E
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg

Mina' al Fahal (arabisk ميناء الفحل, òg kalla Miana al Fahl, Saih al Malieh eller Saih al-Malih) er eit kystområde nordaust i Oman, nær hovudstaden Muscat. Området fekk nytt namn av Saih al Maleh då det vart bygd eit oljeraffineri her. Området er det viktigaste området for petroleumsverksemda i Oman. Petroleum Development Oman (PDO) er basert i Mina al Fahal, og Oman Refinery Company (ORC) har eit oljeraffineri for 85 000 fat olje per dag her. Råolje og foredla produkt vert lasta på tankskip utafor Mina Al Fahal via ei undersjøisk røyrleidning og enkel fortøying (SBM). TO av SBM-ane er eigd av PDO for råoljetransport, og ein tredje er eigd av SQM (Shell Oman Marketing).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]