Minareten i Jam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minaret og fornminne i Jam
UNESCO si liste over verdsarv
Minaret of jam 2009 ghor.jpg
Minareten i Jam i 2009
Land: Afghanistan
Stad: Shahrak i Ghor-provinsen
Flag of UNESCO.svg Innskriven ved UNESCOs 26. sesjon i 2002.
Referansenr. 211.
Kriterium: II, III, IV
Sjå òg Verdsarvstader i Asia
Bakgrunnsstoff UNESCO: Minaret og fornminne i Jam

Minareten i Jam er ein teglsteinsminaret frå 1190-åra i vestlege Afghanistan, rekna som ein del av verdsarva av UNESCO. Han ligg i distriktet Shahrak i Ghor-provinsen. Minareten er 65 meter høg og ligg 1900 moh.[1] Han ligg ved møtestaden for elvane Harirud og Jamrud, og er omgjeven av opptil 2 400 meter høge fjell. Han er kjend for sine fine dekorasjonar av der murstein, stukkatur og glaserte fliser dannar geometriske mønster og vers frå Koranen. Staden er også oppført på lista over truga verdsarv.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Minareten i Jam ligg truleg der sommarhovudstaden til ghuridane ein gong låg, i Firuzkuh (Firuz Koh). Han blei bygd under sultan Ghiyas-od-din og stod ifølgje ein inskripsjon på bygget ferdig i 1194. Ein rekner det som sannsynleg at bygget blei reist til minne om sigeren hans over Ghaznavideriket i 1192.[1] Ghuridedynastiet fall ikkje så lenge etter at Ghiyas-od-din døydde. Ifølgje krønikeskrivaren Juzjani blei fredagsmoskeen som tilhøyrde minareten øydelagd av flaum.[2]

Nærbilde av dekorasjonar på den nedste tårndelen.

Tårnet er bygd på ein åttekanta grunnflate med ein diameter på 9 meter. Han er sett saman av fire gradvis mindre sylinderforma tårn som til saman når ei høgd på 65 meter.[1] Det nedste tårnet er rikast dekorert med figurar som stjerner, rundingar og sekskantar. Han inneheld fleire inskripsjonar med kufisk og naskh-kalligrafi, mellom anna heile sure 19, «Maryam» om Maria, mor til Jesus.[3]

Minareten er eit særleg godt preservert arkitektoniske minne frå si samtid. Han er eit døme på ein arkitektur som spreidde seg så langt som til Delhi, der ein finn Qutb Minar i same stilen.[1] Etter å ha vore «gløymd» av omverda blei han «gjenfunnen» då Afghan Boundary Commission undersøkte området i 1886.[4]

Minareten i Jam og fornminna rundt blei utropt til det første verdsarvområdet i Afghanistan i 2002.[2] Det blei samstundes rekna som truga verdsarv. Minareten og området er aldri blitt restaurert sidan bygget stod ferdig.[1] Det er heller ikkje gjort større utgravingar i området.[2] Dei fleste arkeologiske undersøkingane er gjort ved å nytta uoffisielle «røvarhol» laga av lokale folk.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Minaret and Archaeological Remains of Jam, unesco.org
  2. 2,0 2,1 2,2 David Thomas, Giannino Pastori & Ivan Cucco, The Minaret of Jam Archaeological Project (MJAP), Antiquity Vol 79 No 303 March 2005 Article number 79010, antiquity.ac.uk
  3. Hidden jewel of Afghan culture (3 May 2008), bbc.co.uk
  4. 4,0 4,1 David Thomas, Recent Archaeological Investigations of Looting around the Minaret of Jam, Ghur Provinc, academia.edu

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 34°23′48″N 64°30′58″E