Mineraldannande prosessar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Alle bergartar består av mineral som dannast under visse geologiske prosessar. Dei geologiske prosessane kor mineral vert danna er svært forskjellig arta og blir omtalt som mineraldannande prosessar. Dei mineraldannande prosessane vi skil mellom er vanlegvis magmatiske prosessar, metamorfe prosessar, kjemiske forvitringsprosessar og diagenese og hydrotermale prosessar.

Magmatiske prosessar[endre | endre wikiteksten]

Mineraldanning ved magmatiske prosessar skjer ved utfelling frå smelter, hovudsakleg silikatsmelter. Avhengig av smeltas kjemiske samansetjing og trykk skjer dette vanlegvis innanfor eit temperaturintervall på 600-1200 °C. Mineraldanninga og krystalliseringa skjer anten i djupet (djupbergartar) og gangar, eller på jordoverflata kor dei opptrer som dagbergartar.

Store krystallar er typiske for minerala i djupbergartar kor dei har vakse over lang tid med langsam avkjøling. For dagbergarta er minerala ofte så finkorna at dei ikkje er synlege med det blotte auget. Der ein finn magmatiske bergartar med store krystallar i ein finkornig grunnmasse har mineraldanninga starta medan magmaet har vore på djupet og så har dei kome opp til overflata i vulkanutbrot.

Metamorfose / metamorfe prosessar[endre | endre wikiteksten]

Når ein bergart vert utsett for høgt trykk og/eller for temperaturar mellom 200 - 800 °C kan minerala i bergarten omdannast. To eller fleire av minerala kan reagere kjemisk med kvarandre, med vatn og med CO2 i bergarten. Det er ikkje uvanleg at minerala rekrystalliserar ved metamorfose. Ein kan òg få danna nye mineral i forhold til dei opphavlege minerala.

Kva for mineral som finst i ein omdanna bergart kan vere med å fortelje kva for temperaturintervall bergarten vert utsett for metamorfose og brukast for å klassifisere dei omdanna bergartane.

Kjemiske forvitringsprosessar og diagenese[endre | endre wikiteksten]

Mange mineral som er danna under høge temperaturar og eventuelt høgt trykk vert ustabile ved atmosfæriske tilhøve (låge trykk og temperaturar lågare enn 200 °C). Dei utsettes for oksidasjon, hydratisering og oppløysing, prosessar som samla vert kalla for forvitring.

Harde og resistente mineral i bergarten som til dømes kvarts står att og utgjer hovedkomponentane i ein del sedimentære bergartar medan dei mindre resistente minerala som enkelte feltspatar og glimmer brytast ned og vert omdanna til nye mineral som leirmineral. Andre nydanna mineral er til dømes hydroksidar, karbonatar, sulfatar og zeolittar.

Diagenese utgjer summen av alle fysiske, kjemiske og biologiske endringar, unnateke metamorfose og forvitring, sediment går gjennom etter avsetjing. Under diagenesen reagerer mange av desse minerala med kvarandre og rekrystalliserer. Saman med utfelling av nye mineral får ein danna dei sedimentære bergartane.

Hydrotermale prosessar[endre | endre wikiteksten]

Ved magmatiske prosessar og metamorfose er det ikkje uvanleg at varme vassløysningar, hydrotermale løysningar, sirkulerer i bergartane. Dei varme vassløysingane har gode evner til å transportere oppløyste stoffer som reagerer med bergarten løysninga flytter seg gjennom. Når løysninga er overmetta på visse komponentar vil dei fellast ut i gangar og årer eller dei reagerer med bergartane slik at ein får ei metasomatisk forvandling.

Vanlege mineral som fellast ut ved hydrotermale løysningar er kvarts og kalkspat, men mange andre mineral, òg økonomisk interessante mineral, kan fellast ut frå desse løysingane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur og kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lapidus, Dorothy Farris: Collins dictionary of geology. HarperCollins 1990 (Fyrste gong gjeve ut som «The facts On File Dictionary of Geology and Geophysics», 1987) ISBN 0-00-434148-1
  • Prestvik, Tore: Mineralogi. Vett & viten, 1992. ISBN 82-412-0127-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]