Zeolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zeolitt

Zeolittar (frå gresk ζεω zeo, 'kok' og λįθος lithos, 'stein') er vasshaldige aluminiumsilikat. Dei har ein tredimensjonal struktur med opne kanalar gjennom strukturen. Det er porøse stoff der krystallstrukturen består av SiO4 og AlO4 bygd opp i eit ope gitter av tetraeder. I dei indre holromma kan stoffet ta opp vatn og metallion. Dette skjer utan at strukturen vert endra.

Eit eksempel på formelen er natrolitt: Na2Al2Si3O10•2H2O

Zeolitter vart først beskrive i 1756 av svensken A.F. Cronstedt, som oppdaga at dei avgir vatn ved oppvarming (derav namnet). Naturlege zeolittar vert danna når vulkanske klipper og oskelag reagerer med basisk grunnvatn. Sidan undersøkingane av havbotnen skaut fart i starten på 1950-talet, har ein avslørt at det òg finst mange ulike typar zeolittar i botnslammet, og med den mengda slam som finst må zeolittar vere nokre av verdas mest vanlege mineral.

Forutan dei naturlege zeolittane som ein kjenner over 40 av, er det framstilt eit tilsvarande tal kunstige. Dei vert framstilte ved ei langsam krystallisering av ein silisium-aluminium-gel i nærvær av organiske stoff.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Zeolittar vert nytta til mange tekniske føremål, spesielt der evna deira til å ta opp og frigi ion kan vere nyttig. I prinsippet verkar dei som molekylære sikte som kan skilje ut uønskte stoff som f.eks. oljeureining eller kalk frå vatn.

Andre viktige bruksområde for zeolittar:

Zeolittar vert nytta i mange vaskemiddel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]