Mo i Telemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mo i Telemark er ein tidlegare kommune i Telemark, frå 1.1.1964 slått saman med Lårdal til Tokke kommune. 1658 mobyggjer budde i kommunen i 1964.

Heradet Mo hadde ei flatevidd på 694,9 km². Høgste fjellet er det 1537 moh høge Kvannfjellet, største vatnet er Byrtevatnet.

Folketalet var i 1801 på 1146, 1865 på 1903, fall så ned til 1873 i 1900 og 1663 i 1910. I 1955 budde 1580 menneske i kommunen.

Heradet var delt i to kyrkjesokn, Mo og Skafså. Mo kyrkje er frå 1839, Skafså kyrkje er frå 1831.

Jordbruk var hovudnæringa før kommunesamanslåinga i 1964, føre industri. Åmdals verk dreiv ut koparkis heilt frå 1500-talet.

Kraftverket Tokke ligg i Mo.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok VIII. 1957

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]