Pål Moddi Lue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Moddi)
Pål Moddi Lue

Fødd18. februar 1987 (37 år)
FødestadTromsø kommune
FødenamnPål Moddi Knutsen
AliasModdi
OpphavNoreg
Aktiv2005–
Sjangerindiepop
PlateselskapPropeller Recordings
Verka somsongar-låtskrivar, musikar, plateartist
PrisarSparebank1 Nord-Norges kulturpris, Spellemannprisen i visesang, Hans Christian Ostrøs minnepris, Spellemannprisen i viser og visepop

Pål Moddi Lue (tidlegare Pål Moddi Knutsen[1]), kunstnarnamn Moddi, (fødd 18. februar 1987) er ein norsk musikar og songar frå MedbySenja. Moddi syng, spelar gitar og trekkspel, og skriv musikken og tekstane sine sjølv. Han gav ut debut-EP-en RubatoPlayground Music i august 2008. EP-en vart gjeven ut på split-vinyl med artisten Einar Stray. Moddi fekk god kritikk i det verdskjende internettmagasinet Pitchfork for konserten sin på Øyafestivalen i 2008.[2] Hausten 2009 spelte Moddi inn studioalbumet Floriography i Greenhouse Studio i Reykjavik. Plata vart produsert av Valgeir Sigurðsson, og vart gjeven ut i februar 2010 på Impeller Records. I tillegg til songar med sjølvskrivne tekstar på engelsk inneheld plata ein versjon av visa «Krokstav-emne» med tekst av diktaren Helge Stangnes.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • I 2013 vann Moddi Spellemannprisen i kategorien Viser for Kæm va du?. Han var også nominert til klassa for beste popsolist for Set The House On Fire og til klassa for komponist for begge platene.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilhelmsen, Stein (26. juli 2023), «Pål Moddi har skiftet etternavn – fremtiden til Kråkeslottfestivalen vet han ingenting om», itromso.no/Folkebladet (på norsk), henta 26. juli 2023 
  2. Brian Howe: «Øya Festival» i Pitchfork 12. august 2008, arkivert frå originalen 15. august 2008, henta 15. august 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]