Moderata samlingspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moderata samlingspartiet
M v1.svg
Logo
IdeologiLiberalkonservatisme
Oppretta1904
FargeBlå
PartileiarUlf Kristersson
UngdomsorganisasjonModerata ungdomsförbundet
PartiavisMedborgaren
Internasjonal tilknytingInternational Democrat Union
Europeisk tilknytingDet europeiske folkepartiet
Medlemstal56 988
Nettstadwww.moderat.se

Moderata samlingspartiet (m), mest kjent under namnet moderaterna, er eit svensk politisk parti, som vart grunnlagt i 1904 under namnet Allmänna valmansförbundet. Partiet står for liberalkonservatisme og ligg tradisjonelt til høgre i svensk politikk (frå 1938 til 1969 var også ordet «höger» i partinamnet). Det er det tredje største partiet i den svenske riksdagen (etter Sverigedemokraterna og Socialdemokraterna).[1] Før dette var moderaterna i regjering frå 1991 til 1994 (sjå regjeringa Carl Bildt), og frå 2006 var partiet med i den borgarlege koalisjonen Allians för Sverige fram til 2014.

Moderaterna danna i 2022 ei regjering saman med Liberalerne og Kristdemokraterna, og Sverigedemokraterna som støtteparti.[2]

Ideologi[endre | endre wikiteksten]

Ideologien til moderaterna er offisielt liberalkonservatisme. Om det ideologiske tyngdepunktet ligg på liberalisme eller konservatisme, er omstridt. Somme meiner at partiet i Fredrik Reinfeldt si leiartid gjekk vekk frå nyliberalisme og nærma seg sosialkonservatisme eller sosialliberalisme. Moderaterna har likevel ikkje fått nytt partiprogram, dessutan finst det mange nyliberalistar i leiande posisjonar i partiet. Nyliberalismen dominerer framleis også i ungdomsforbundet MUF. Medlemsbladet til moderaterna heiter Medborgaren.

Namnehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Partileiarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Valpresentation», resultat.val.se, henta 14. oktober 2022 
  2. NTB (14. oktober 2022), «Enighet om trepartiregjering i Sverige», www.abcnyheter.no (på norsk), henta 14. oktober 2022 
Politiske parti i Sverige:
Vänsterpartiet Socialdemokraterna Miljöpartiet de Gröna Centerpartiet Liberalerna Kristdemokraterna Moderaterna Sverigedemokraterna