Moderata samlingspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Moderaterna)
Hopp til navigering Hopp til søk
Moderata samlingspartiet
Nya moderaterna.jpg
IdeologiLiberalkonservatisme
Oppretta1904
FargeBlå
PartileiarAnna Kinberg Batra
UngdomsorganisasjonModerata ungdomsförbundet
PartiavisMedborgaren
Internasjonal tilknytingInternational Democrat Union
Europeisk tilknytingDet europeiske folkepartiet
Medlemstal56 988
Nettstadwww.moderat.se

Moderata samlingspartiet (m), moderaterna, er eit svensk politisk parti, som vart grunnlagt i 1904 under namnet Allmänna valmansförbundet. Partiet står for liberalkonservatisme og ligg tradisjonelt til høgre i svensk politikk (frå 1938 til 1969 var også ordet «höger» i partinamnet). Partiet er det nest største i den svenske riksdagen (etter socialdemokraterna) og var i opposisjon fram til riksdagsvalet i Sverige i 2006. Før dette var partiet sist i regjering frå 1991 til 1994 (sjå regjeringa Carl Bildt). Ved valet i 2006 var partiet med i den borgarlege koalisjonen Allians för Sverige.

Ideologi[endre | endre wikiteksten]

Ideologien til Moderata samlingspartiet er offisielt liberalkonservatisme. Om det ideologiske tyngdepunktet ligg på liberalisme eller konservatisme, er omstridt. Somme meiner at partiet i Fredrik Reinfeldt si leiartid har gått vekk frå nyliberalisme og nærma seg sosialkonservatisme eller sosialliberalisme. Moderaterna har likevel ikkje fått nytt partiprogram, dessutan finst det mange nyliberalistar i leiande posisjonar i partiet. Nyliberalismen dominerer framleis også i ungdomsforbundet MUF. Medlemsbladet til moderaterna heiter Medborgaren.

Namnehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Partileiarar[endre | endre wikiteksten]

Politiske parti i Sverige:
Vänsterpartiet Socialdemokraterna Miljöpartiet de Gröna Centerpartiet Liberalerna Kristdemokraterna Moderaterna Sverigedemokraterna