Moldvarp i spionasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Moldvarp (av engelsk mole, 'moldvarp') er ei nemning innan spionasje om ein person som blir plassert hjå ein fiende eller konkurrent for å skaffe informasjon som ellers ikkje er mogeleg å få tak i på anna vis. Ordet moldvarp, som kjem frå dyret med same namn og som lever mykje godt under jorda, er òg brukt til å tyda hemmeleg informant i ein organisasjon - offentleg eller privat.

Omgrepet vart introdusert i 1974 av den britiske spionforfattaren John Le Carré i romanen "Tinker, Tailor, Soldier, Spy" og har sidan vorte generelt brukt, men i etterretningssamanhang er opphavet uklart, og dessutan i kva for ein grad den vart brukt av etterretningstjenesta før det vart popularisert. Le Carré, som var ein tidlegare britisk etterretningsoffiser, har sagt at omgrepet muldvarp faktisk vart brukt av sovjetiske etterretningsorganisasjonar som KGB lenge, og at eit tilsvarande ord som vart brukt av vestlege etterretningstenester var sovande agent.

Ein moldvarp kan vera rekruttert tidleg i livet, og det kan ta fleire tiår å få han plassert i ei stilling der han kan byrja stela løynleg informasjon. Eit av dei mest kjende døme på moldvarpar er dei såkalla "Cambridge Fem", der fem britiske menn vart rekruttert av KGB. Desse fem var venstreradikale studentar ved Cambridge University i 1930-åra og høyrde til overklassa i Storbritannia, og som seinare steig til stillingar på høge nivå i ulike delar av den britiske regjeringa. Mellom desse fem er vel Kim Philby den best kjende i Noreg. Andre døme er FBI-agenten Robert Hanssen, som spionerte på den amerikanske regjeringa for KGB. Han vart rekruttert etter at han var i posisjon til å selja løynleg informasjon.