Mona Holm

Mona Christine Holm (fødd 5. august 1983) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Kolvereid i Nord-Trøndelag som utmerkte seg i sleggjekasting. Ho vart norsk meister i øvinga ni år i rad, 2004-12. Holm var medlem i Norna/Salhus og seinare IK Tjalve.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Holm kom på andreplass i sleggjetevlinga for kvinner i NM 2002 og 2003. Frå 2004 til 2012 var ho Noregs suverent beste i øvinga og vann samtlege sleggje-gull i desse ni åra. Ho vart tildelt kongepokalen for vinnarkastet under NM i friidrett 2007 og på ny under NM i friidrett 20011 i Byrkjelo. Under meisterskapen i Byrkjelo den 13. august smekka ho til med heile 70,43 meter, gjeldande norsk rekord til 2019-sesongen.
Holm deltok i EM i friidrett 2006, VM i friidrett 2007, EM i friidrett 2010, VM i friidrett 2011 og EM i friidrett 2012, utan nokon gong å kvalifisere seg til finale.
Elles var Holm ein habil diskoskastar som sikra seg bronsemedaljen i øvinga under NM 2004 og NM 2010.
Norske rekordar
[endre | endre wikiteksten]| Resultat | Stad | Land | Dato | År |
|---|---|---|---|---|
| 60,92 m | Szombathely | 30. mai | 2004 | |
| 60,92 m | Reykjavík | 19. juni | 2004 | |
| 62,19 m | Gävle | 19. juni | 2005 | |
| 62,82 m | Bergen | 20. august | 2005 | |
| 63,39 m | Banská Bystrica | 18. juni | 2006 | |
| 64,50 m | Helsingborg | 30. juni | 2006 | |
| 64,89 m | Bottnaryd | 2. juli | 2006 | |
| 67,80 m | Halle | 19. mai | 2007 | |
| 67,96 m | Tønsberg | 6. juni | 2010 | |
| 70,43 m | Byrkjelo | 13. august | 2011 |
Personlege rekordar
[endre | endre wikiteksten]| Øvelse | Lengde | År |
|---|---|---|
| Sleggekast | 70,43 | 2011 |
| Diskoskast | 47,85 | 2001 |
Medaljar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]| Plassering | Øving | År |
|---|---|---|
| Gull | Slegge | 2004, 2005, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010, 2011, 2012 |
| Sølv | Slegge | 2002, 2003, 2014, 2016 |
| Bronse | Diskos | 2004, 2010 |