Monika Linkytė
Monika Linkytė | |||
| |||
Fødd | 3. juni 1992 (32 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Gargždai | ||
Opphav | Litauen | ||
Aktiv | 2005– | ||
Sjanger | pop, poprock, soul | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, låtskrivar |
Monika Linkytė (fødd 3. juni 1992) er ein litauisk songar og låtskrivar. Ho representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2015 saman med Vaidas Baumila, og ho representerte Litauen i artisttevlinga New Wave 2014 og var finalist i sesong to av litauiske The Voice. Ho representerte Litauen på nytt i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Stay».[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Linkytė blei fødd 3. juni 1992 i byen Gargždai, heilt vest i Litauen. Etter vidaregåande flytta ho til hovudstaden Vilnius for å ta helsestudium ved Vilnius universitet.[2] Ho slutta etter tre semester og byrja i 2014 på jusstudium ved same universitet. I 2016 flytta ho til London for å studere musikk ved British and Irish Modern Music Institute.[3]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Som 15-åring i 2007 deltok Linkytė i den litauiske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2007. Ho vende tilbake til Eurovision i 2010 då ho deltok i den litauiske nasjonale finalen Eurovizija 2010 med låten «Give Away». Ho enda til slutt på tiandeplass i den litauiske finalen.[4][5] Sidan forsøkte ho seg på nytt i den litauiske uttakinga dei fire påfølgjande åra, men utan å vinne.
I 2013 deltok Linkytė i den andre sesongen av Lietuvos Balsas, den litauiske versjonen av The Voice. Ho blei nummer to i tevlinga. Ho blei nummer fire i den austeuropeiske artisttevlinga New Wave 2014. Året etter vann ho den litauiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 med låten «This Time[6]» saman med Vaidas Baumila.[7][8] I Eurovision i Wien kvalifiserte duoen seg til finalen, der han til slutt enda på 18. plass.[9]
Etter Eurovision gav Linkytė ut singelen «Po dangum» som selde til platina i Litauen.[10] Same haust slapp ho debutalbumet Walk with Me som også selde til platina.[10] Under den litausike musikkpris-utdelinga M.A.M.A. Awards for 2015 vann ho prisen for beste album og beste kvinnelege artist.[11] Hun blei nominert på nytt i kategorien beste kvinnelege artist i 2016.
I 2023 deltok Linkytė nok ein gong i den litauske Eurovision-uttakinga, Pabandom Iš Naujo!. Ho vann finalen 18. februar med låten «Stay», og fekk dimed representere Litauen i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[12] Der enda ho på ellevteplass i finalen.[13]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Studioalbum
- Walk with Me (2015)
- EP-ar
- Old Love (2018)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Veen, Renske ten (18. februar 2023). «MonikaLinkyte wins Pabandom iš Naujo and will represent Lithuania at Eurovision 2023 with "Stay"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 19. februar 2023.
- ↑ «MonikaLinkytė visuomenės sveikatos mokslus iškeitė į teisės studijas». 15min.lt (på litauisk). Henta 19. februar 2023.
- ↑ «MonikaLinkytė: „Daugelį metų aš tarsi gyvenau ne savo gyvenimą“». 15min.lt (på litauisk). Henta 19. februar 2023.
- ↑ «Eurovision2023 Lithuania sends InCulto to the Eurovision Song Contest - ESCToday.com». ESCToday (på engelsk). 4. mars 2010. Henta 19. februar 2023.
- ↑ «EastEuropean Funk for Lithuania». eurovision.tv (på engelsk). 4. mars 2010. Henta 19. februar 2023.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ko, Anthony (21. februar 2015). «Lithuania: Monika and Vaidas win Eurovizijos atranka 2015, Will Sing "This Time" At Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). Henta 19. februar 2023.
- ↑ «"This Time" will be the Lithuanian song for Vienna». eurovision.tv (på engelsk). 14. februar 2015. Henta 19. februar 2023.
- ↑ «Vienna2015». eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. februar 2023.
- ↑ 10,0 10,1 «Auksiniudisku įvertinta Jazzu: nesureikšminu apdovanojimų». DELFI (på litauisk). Henta 19. februar 2023.
- ↑ «M.A.M.A2015: trigubas Monikos Linkytės triumfas, metų grupė – „Leon Somov & Jazzu“». 15min.lt (på litauisk). Henta 19. februar 2023.
- ↑ «It'sMonika Linkytė to Liverpool for Lithuania». eurovision.tv (på engelsk). 18. februar 2023. Henta 19. februar 2023.
- ↑ «MonikaLinkytė». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Monika Linkytė» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2024.