Litauen debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og har delteke 22 gongar i tevlinga. Litauen har aldri vunne Eurovision Song Contest og har nådd topp ti ved tre anledningar: ein sjetteplass i 2006, ein niandeplass i 2016 og ein åttandeplass i 2021. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Litauen kvalifisert seg til finalen 11 av 18 gongar.[1]
Det er den litauiske ålmennkringkastaren Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija (LRT) som sender Eurovision Song Contest i Litauen, og som vel det litausike bidraget til tevlinga. I 1994 deltok Litauen i Eurovision Song Contest for fyrste gong, med Ovidijus Vyšniauskas og songen «Lopšinė mylimai». Songen og artisten var valde internt av tv-kanalen, men sidan har alle litauiske bidrag blitt kåra gjennom ein nasjonal finale. Litauen fekk ein verst tenkeleg start då «Lopšinė mylimai» kom heilt sist utan poeng i Dublin i Irland.
Donny Montell har delteke to gongar for Litauen i Eurovision Song Contest.
Etter sisteplassen heldt landet seg borte frå tevlinga, men returnerte i 1999 med Aistė og songen «Strazdas». Ho framførte bidraget på samogitisk, ei litauisk dialekt. Ho vart berre nummer 20 av 23, og dimed måtte Litauen stå over tevlinga i 2000. Eit middels resultat i 2001 og ein nest sisteplass i 2002 førte til at Litauen måtte stå over tevlinga i 2003.
Frå 2004 deltok Litauen i semifinalar og kom på sisteplass i semifinalen i 2005. Året etter kvalifiserte Litauen seg for fyrste gong med gruppa LT United og «We Are the Winners». Låten kom på ein sjetteplass, noko som framleis er den beste plasseringa til Litauen i Eurovision Song Contest. Sidan har resultata til Litauen svinga, og Litauen kvalifiserte seg ikkje til finalen i 2008, 2010 og 2014. I 2016 fekk Litauen sin til då nest beste plassering, då Donny Montell sang Litauen inn til ein niandeplass med «I've Been Waiting for This Night». Denne plasseringa vart slegen av The Roop i 2021, som fekk ein åttandeplass med «Discoteque».
Med unntak av 1994 har Litauen valt ut sine bidrag gjennom ein nasjonal finale. Frå 2013 til 2019 vart dei litauiske bidraga valde gjennom den nasjonale finalen "Eurovizijos" dainų konkurso nacionalinė atranka (Eurovision Song Contest, nasjonal utveljing). Gjennom denne utveljinga vart Litauen etter kvart kjent for sine lange og kronglete uttakingar; i 2015 var det åtte show før vinnaren vart kåra, og i 2016 var det heile ti show.[2] Dette vekte også oppsikt i Noreg, og under norske Melodi Grand Prix 2016 viste NRK direktebilete frå den åttande litauiske delfinalen, som gjekk samstundes som den norske finalen.[3] Sidan 2020 har dei litauiske bidraga verte valde gjennom den nasjonale finalen Pabandom iš naujo! (Vi prøver igjen!).[4]