Monolitten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Monolitten og den skulpturpryda trappa opp til han.

Monolitten, som tyder «ein (udelt) stein», er namnet på den drygt 17 meter høge steinsøyla av ei einaste blokk Iddefjordsgranitt med til saman 121 uthogde menneskefigurar, som står som det visuelle midtpunktet i Vigelandsanlegget i Frognerparken i Oslo. Monolitten vart modellert i leire av skulptøren Gustav Vigeland og støypt i gips i tre stykkje, som er teke vare på i Vigeland-museet rett attmed Frognerparken. Men figurane vart altså hogd ut av ei einaste steinblokk i samsvar med denne gipsmodellen, og dette vart gjort etter at blokka var sett opp på staden der ho skulle stå. Eit hus med stillas vart bygd kring blokka for å kunne få arbeidet gjort.

Ein av smijarnsportane i balustraden som avgrensar platået.

Opp til platået der Monolitten står, som er det høgste punktet i Frognerparken, fører ei monumental sirkulær trapp pryda av 36 skulpturgrupper i granitt. Skulpturgruppane er radiært plassert nedover trappa i åtte rader, modellert av Vigeland i åra frå byrjinga av den fyrste verdskrigen og fram til 1926, og sette opp frå 1947 og framover. Som ei nedre avgrensing av platået er det bygd ein låg balustrade i granitt med åtte breie, vekselvis smale dobbeltportar i smijarn med smijarnsfigurar av menneske i alle aldrar, teikna av Vigeland i perioden 1933 til 1937, men ikkje gjort ferdige før etter at han var avliden, og sett på plass i 1952.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°55′39.60″N 10°41′55.98″E