Vigeland-museet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°55′22″N 10°42′00″E

Vigeland-museet i nærleiken av Frognerparken i Oslo.
Foto: Kjetil Ree
Vigeland-museet

Vigeland-museet, som ligg i Nobels gate 32 i Oslo, i nærleiken av Frognerparken med Vigelandsanlegget, er museet for skulptur i hovudstaden. Museet opna for publikum i 1947, og har som hovudoppgåve å take vare på og presentere arven etter skulptøren Gustav Vigeland (1869–1943). Så godt som heile hans kunstneriske verksemd er å sjå i salane i museet og i husværet i tredje høgda, der Gustav Vigeland budde. Men Vigeland-museet skal i tillegg òg ha skiftande utstillingar av annan tredimensjonal kunst, det vil seie skulptur, installasjon og videobasert kunst, som vert presentert i størst mogleg breidd med omsyn til kunstnarskapar, nasjonalitet, periodar og teknikkar.

Med få unnatak har Vigeland-museet alt av det som Gustav Vigeland lagde, om lag 1 600 skulpturar, 12 000 teikningar og 400 tresnitt. I samlinga finst skulpturar i gips, bronse, granitt og marmor, og dessutan teikningar, pastellar, tresnitt, smijarnsarbeid og treskjerararbeid. Her er mellom anna dei originale gipsane til Vigelands vidgjetne personmonument og bystar, og dessutan modellane i gips til dei monumentale bronse- og granittskulpturane i Vigelandsanlegget i Frognerparken.

Samlinga av Vigelands kunst er resultatet av ei avtale frå 1921 mellom Gustav Vigeland og Oslo kommune om at Oslo by skulle få alt han hadde skapt, og kom til å skape av kunst mot at kommunen reiste denne bygningen som både atelier for han, og som komande museum for kunsten hans. Avtalen hadde samanheng med at han skulle lage den skulpturparken i Frognerparken som no er kjend som Vigelandsanlegget eller Vigelandsparken, og mesteparten av modellane til skulpturane i denne skulpturparken er teke vare på og stilt ut i museet.

Bygningen er teikna av arkitekt Lorentz Harboe Ree (1888-1962), og vart reist i 1920-åra, med eit husvære for Gustav Vigeland i tredje høgda. Kring ein indre open plass med fontene, søylegangar og skulpturar ligg til saman 13 utstillingssalar. I denne bygningen, som er rekna for å vere eit av dei finaste døma på nyklassistisk arkitektur i Noreg, budde og arbeidde Gustav Vigeland fram til han døydde i 1943.

Vigeland-museet vart freda av Riksantikvaren i 2015.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vigeland-museet fredet». Riksantikvaren. Henta 30. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]