Morbærfiken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Morbærfiken

Azor-S-507.jpg

Vitskapleg namn
Ficus sycomorus
Utbreiing
Habitat: Rik jord langs elver og i skogar

Utbreiingskart

Systematikk
Orden: Rosales
Familie: Morbærfamilien
Slekt: Fikenslekta

Morbærfiken (Ficus sycomorus) er eit delvis eviggrønt tre i fikenslekta i morbærfamilien. Det veks hovudsakleg i Nord- og Aust-Afrika. Treet er også kjend som «sykomor» eller «adamsfiken». Morbærfiken har gråkvite, etande frukter som er dekte av lyseraude skjel. Desse er kjende som adamsfiken, egyptiske fiken eller eselfiken. Veden er sterk og haldbar, og har vore brukt til å laga møblar og reiskapar. I oldtida blei han brukt til å laga mumiekister.

Morbærfiken er nemnd fleire gonger i Bibelen. Treet har også ei viktig stilling i kikuyumytologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Morbærfikentre» (31. januar 2013). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 28. juni 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ficus sycomorus
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.