Morfin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kjemisk struktur
Morfin

CAS-nummer
57-27-2
ATC-nummer
N02A A01
Metabolisme Hovudsakleg i lever ved konjugering med glukuronsyre
Halveringstid Ca. 2-4 timar
Utskiljing Renal
Administrasjonsform Per oral, IV, IM, SC

Morfin er eit alkaloid opioid smertestillande lækjemiddel som vert nytta ved sterke smerter og verkar ved hjelp av ein sentral smertestillande effekt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stoffet vart først isolert frå opium i 1803 av den tyske farmasøyten Friedrich Serturner. Han kalla stoffet Morphium etter Morfevs, ein gresk gud for søvn og draumar. Med oppfinninga av den medisinske sprøyta i 1853 tok ein i bruk det nye stoffet, ofte for å "kurera" avhengnad til opium eller alkohol.

Stoffet blei mykje brukt i den amerikanske borgarkrigen, og over 400.000 soldatar fekk "soldatsjukdommen"[treng kjelde], det vil seia morfinavhengnad. På grunn av den sterke avhengnaden morfin skaper nyttar ein ofte andre smertestillande medikament ved kroniske smertar, medan kortvarig bruk er rekna som tilrådeleg og ikkje vanedannande.

Handelsnamn i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]