Morten Jentoft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morten Jentoft
Fødd 22. juli 1956
Bergen
Yrke journalist

Morten Jentoft (fødd 22. juli 1956 i Bergen) er ein norsk journalist og forfattar. Han har i fleire år vore tilsett i NRK, mellom anna i NRK Finnmark, og som utanrikskorrespondent i Russland frå 1996 til 2000. Han talar mellom anna samisk, finsk og russisk, og NRK har nytta han som ekspert og utsendt medarbeidar i Finland, Polen, Russland og andre land i det tidlegare Sovjetunionen. Jentoft har skrive flere bøker om kontakten mellom nordmenn og russarar på Nordkalotten. Radio Moskva (2012) handlar til dømes om den norske redaksjonen i sovjetisk og russisk radio frå 1938.

Jentoft overtok som korrespondent i Moskva etter Hans Wilhelm Steinfeld i september 2014.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Verkebyllen: Om menneskeskjebner og agenter i kald krig, Tiden, 1995 (med Odd Isungset)
  • De som dro østover: Kola-nordmennenes historie, Gyldendal, 2001
  • Mennesker ved en grense: En beretning om folk i Øst-Finnmark i historiens drama, Gyldendal, 2005
  • Døden på Kola, Gyldendal, 2008
  • Radio Moskva, Gyldendal, 2012
  • Finland 1918, Gyldendal, 2018