Morten Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morten Svendsen

Fødd15. juli 1877
FødestadMolde kommune
Død14. januar 1959 (81 år)
OpphavNoreg
Verka somdirigent, komponist
FarFaste Svendsen

Morten Svendsen(15. juli 187714. januar 1959) var ein norsk musikar og dirigent, son av vekkingspredikant Faste Svendsen.

Morten Svendsen vart fødd i Molde, men utdanna i Leipzig. Han studerte song, klaver og dirigering. I 1909 skipa han Trondheim Symfoniorkester, som han leia fram til 1918 saman med at han var kapellmeister ved Trøndelag teater åra 1910 - 1922. Han var krumtappen i Trondheims musikkliv, og leiar for fleire kor i byen. Lenge gjekk det fråsegn om dei operaene og operettene han sette opp.

Svendsen drog til Tysland i først på 1920-talet. Der virka han som songpedagog og orkesterdirigent. I 1932 – 39 var han dirigent for Städtisches Filharmonisches Orchester i Aachen, der han òg grunnla ein songskule saman med kona si, songaren Valentine Rostin. Svendsen skreiv elles ein del songar og klaverstykke. Han kom heim att til Noreg frå Tyskland ved krigsutbrotet i 1939 og underviste i song her til 1952. Svendsen dirigerte på ny Trondheim Symfoniorkester på 80-årsdagen sin hausten 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]