Mosuldemninga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 36°37′49″N 42°49′23″E
Mosul-demninga
demning
MosulDam-July2012-01.JPG
Guvernement Ninawa guvernement
Tilsig Tigris
Utløp Tigris
Stad 70 km nord for Mosul
 - høgd 330 moh.
 - koordinatar 36°37′49″N 42°49′23″E
Lengd 3 400 m
Breidd 10 m
Høgd 113 m [1]
Grunnlagd 7. juli 1986
Innsjø Dahuksjøen

Mosuldemninga
36°37′49″ N 42°49′23″ E
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mosul Dam

Mosul-demninga (arabisk سد الموصل, kurdisk Bêndawi Mûsil), tidlegare kjend som Saddam-demninga ( سد صدام) er den største demninga i Irak. Ho er bygd over Tigris, vest i guvernementet Ninawa, oppom byen Mosul. Demninga vart nytta til vassenergi og vatning. Ved full kapasitet held demninga attende kring 11,1 kubikkilometer vatn og gjev drikkevatn og elektrisitet til 1,7 millionar innbyggjarar i Mosul.

Planlegging av demninga byrja i 1950-åra, men byggjinga byrja ikkje før i 1981 og stod ferdig 7. juli 1986.

Den historiske borga Aski Mosul før ho vart lagt under vatn.

Under den amerikanskleia invasjonen av Irak i april 2003, var det frykt for at irakiske styrkar skulle sprengje hol i demninga. I fleire veker i juli og august 2014 hadde Den islamske staten kontroll over Mosul-demninga.[2] Den 17. august 2014 tok Peshmerga og den irakiske hæren over kontrollen av demninga igjen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Iraqi-demninga Assessments» (PDF). Iraq: United States Army, Corps of Engineers. 6. juni 2003. Henta 27. februar 2012. 
  2. Tilghman, Andrew (2. september 2014). «Islamic State still threat to Mosul-demninga, Pentagon says». Army Times. Henta 16. oktober 2014. 
  3. «kurdisk forces 'retake Mosul dam' from IS militants». BBC News. 17. august 2014. Henta 17. august 2014.