Hopp til innhald

Motorpsycho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Motorpsycho er eit norsk rockeband frå Trondheim. Bandet består per i dag av Bent Sætherbass og vokal, Hans Magnus «Snah» Ryangitar og vokal. Trommeslagaren Kenneth Kapstad, som vart fullverdig medlem i bandet i 2007, slutta etter ein Europa-turné våren 2016. Det tidlegare medlemmet Håkon Gebhardt (trommer) slutta i 2005. Namnet på gruppa er henta frå ein film av Russ Meyer. Alle medlemmene har spela i fleire andre band, både før og etter at Motorpsycho vart starta. Mange andre artistar har òg spela saman med Motorpsycho, mellom andre Deathprod (Helge Sten), Jaga Jazzist, Ståle Storløkken og Reine Fiske. Kim Hiorthøy har utforma dei fleste av plateomslaga.

Musikken deira kan best skildrast som ei eksperimentell blanding av psykedelisk rock, vanleg rock, jazz, heavy metal og punk. Dei er kjende for å laga variert musikk, og for å variere stilen mellom plateutgjevingane. Den av platene som kanskje utmerker seg mest på dette viset er The Tussler, ei fullverdig country-plate bandet laga fordi Gebhart hadde fått ein banjo i gåve.

Bandet vart starta i 1989 i Trondheim da med Kjell Runar «Killer» Jenssen på trommer. I 1990 produserte bandet den første demoen sin, Maiden Voiage, og året etter kom albumet Lobotomizer. Stilen deira på den tida var noko heilt anna enn det rolege, avbalanserte bandet fansen deira kjenner i dag. Dei var sterkt inspirerte av grunge, ein sjanger som var på sitt høgdepunkt på den tida. Det var mykje skriking og fuzzgitar. Etter dett albumet slutta «Killer» i bandet, og «Snah» henta inn ein kompis frå folkehøgskulen Håkon Gebhardt. Bandet var svært tidleg knytt opp til UFFA og Svartlamon i Trondheim, eit bustadområde for huslause, kunstnarar og politiske aktivistar.

Dei neste utgjevingane var Soothe (1992) og 3 Songs for Ruth (1993). Begge desse to utgjevingane kom berre på vinyl. Derfor vart plata 8 Soothing Songs for Ruth utgjeven ein CD som inneheldt begge dei to tidlegare platene, med unntak av songen "Some Real Mindfuck" frå 3 songs for Ruth. Det var på denne tida at Motorpsycho møtte Helge Sten, som arbeidde mykje med eksperimentell elektronisk musikk og keyboard. Helge vart interessert i prosjektet og vart med på den neste plata, Demon Box ei plate som av store delar av fansen blir rekna som den beste plata deira, og som inneheld "Waiting for the One", ein av dei best kjende songane deira. Etter Demon Box slutta Helge i Motorpsycho for å kunna konsentrere seg om eigne studium.

I 2003 braut Motorpsycho tradisjonen med å gjeva ut eitt album kvar haust. Dei hadde da tidlegare på året gjeve ut In The Fishtank saman med Jaga Jazzist. Det kom da ikkje ut noka plate frå Motorpsycho før hausten 2004, saman med Lars Lien og fleire andre som til saman utgjer The International Tussler Society. Plata vart ein stor suksess og gjekk rett inn på toppen av salslista den veka plata kom ut.

  • 1990 Maiden Voyage (demo)
  • 1991 Lobotomizer
  • 1992 Soothe (EP)
  • 1992 3 Songs for Ruth (EP)
  • 1992 8 Soothing Songs for Ruth
  • 1993 Demon Box
  • 1993 Mountain EP (EP)
  • 1994 Another Ugly EP (EP)
  • 1994 Promotor 1 EMI (Gratis med dei aller første kopiane av Timothys Monster)
  • 1994 Stickman Promotor 2
  • 1994 The Tussler
  • 1994 Wearing Yr Smell
  • 1995 Blissard (Gruppa vann Spellemannprisen 1996 i klassen rock for denne plata.)
  • 1996 Timothy's Monster
  • 1997 Angels and Daemons at Play (Gruppa vann Spellemannprisen 1997 i klassen hardrock for denne plata.)
  • 1998 Trust Us
  • 1999 Roadworks, vol. 1
  • 2000 Let them eat Cake (Gruppa vann Spellemannprisen 2000 i klassen rock for denne plata.)
  • 2000 Walking with J. (EP)
  • 2001 Barracuda
  • 2001 Phanerothyme
  • 2002 It’s a love cult
  • 2003 In the Fishtank (Samarbeid med Jaga Jazzist)
  • 2004 Motorpsycho Presents: The International Tussler Society
  • 2006 Black Hole - Blank Canvas
  • 2008 Little Lucid Moments
  • 2009 Child of the Future
  • 2010 Heavy Metal Fruit
  • 2011 Roadworks, vol. 4 – Intrepid Skronk
  • 2011 Strings Of Stroop - Motorpsycho Live At Effenaar
  • 2012 The Death Defying Unicorn
  • 2013 Still Life with Eggplant
  • 2014Behind The Sun
  • 2014 — Toys
  • 2014 — The Motorpnacotic Fragments.
  • 2015En konsert for folk flest
  • 2015 — Young Person's Guide to Motorpsycho
  • 2015 — Psychonaut/Toys
  • 2016Spin, Spin, Spin
  • 2016 — Here Be Monsters
  • 2017Begynnelser
  • 2017 — The Tower
  • 2017 — California (EP)
  • 2019The Crucible
  • 2020The All is One
  • 2021Kingdom of Oblivion
  • 2022Ancient Astronauts
  • 2023Yay!

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]