Mouche Thomsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mouche Thomsen
Statsborgarskap Noreg, USA
Fødd 19. desember 1918
New York by
Død

20. september 1984 (65 år)
Oslo

Yrke kunstmålar, grafikar

Karen Elisabeth Thomsen (19. desember 191820. september 1984}[1]) var ein norsk biletkunstnar kjend som Mouche Thomsen.

Liv ogvirke[endre | endre wikiteksten]

Nokre år før Thomsen blei fødd, flytta familien til USA, og Thomsen blei fødd i New York. I april/mai 1919 flytta dei vidare til Java, der far hennar skulle representere Det oversjøiske Selskab,[2] og ho hadde sine første leveår. Resten av livet var ho busett i Oslo, men var mykje i utlandet, mellom anna på studiereiser til USA, Frankrike, Hellas, England og Italia.[1][3]

Thomsen blei utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, og var deretter elev av Kai Fjeld (1939-1940) og seinare av professor Otte Sköld i Stockholm, etter at ho flykta til Sverige under krigen[4][5]

Jeg har en tante som pleier å si: Jeg skjønner ikke det dust av de stripene dine! Og jeg pleier å svare: Nei hvordan skulle du på fire minutter forstå det som jeg har brukt førti år på å komme frem til

Mouche Thomsen i intervju med Morgenbladet (23. august 1976)

Thomsen debuterte med abstrakte måleri, men formspråket hennar blei mer figurativt på 1950- og 1960-talet, før ho igjen fokuserte på det meir abstrakte.[6] På 1970-talet begynte Thomsen å arbeide med store, reine, tilnærma geometriske fargeflater, og dette leidde etter kvart vidare til stripene som ho blei mest kjend for. Ho var innom både silketrykk og tresnitt, men det var som målar ho blei best kjend.[1]

Naturen er utgangspunktet for måleria hennar. Ho uttalte sjølv at ho også måla natur, men på ein annan måte. For Thomsen kunne det vere fargane i ein plante eller havet som sette i gong ein prosess hos henne, og som ho til slutt gjorde om til vertikale eller horisontale striper.

Ho debuterte på Statens haustutstilling i 1946 og deltok seinare på utstillingar både i Noreg og i utlandet, mellom anna i Sverige, Tyskland, England, Spania, Italia, Polen, Jugoslavia og USA.[7] Verka hennar er representerte mellom anna i Bergens Billedgalleri og Nasjonalgalleriet.[8]

Thomsen var gift med den norske disponenten og kunstsamlaren Paul Støre frå 1957 frem til ho døydde.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Johnsrud, Even Hebbe (20. februar 2017). «Mouche Thomsen». Norsk kunstnerleksikon. Henta 9. mars 2024. 
  2. «Nordisk Tidende 1919.04.24». USA, New York. 19190424. 
  3. «Mouche Thomsen». Aftenposten. 24. september 1984. s. 11. 
  4. «106 norske grafikere.». 
  5. «Thomsen, Mouche (1992).». Høvikodden: Henie-Onstad kunstsenter. 
  6. Konkret. Lillehammer kunstmuseum. 2002. ISBN 8291388369. 
  7. «Morgenbladet 1976.08.23». Norge; Oslo. 19760823. 
  8. «Aftenposten 1962.11.30». Norge;Oslo;. 19621130. 
  9. «Aftenposten». Oslo. 25. november 1998.