Mount Friesland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°40′14.9″S 60°11′10.7″W
Mount Friesland
fjell
Presian.jpg
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Fjellkjede Tangra Mountains
Topp Livingston Island
 - høgd 1 700 moh. [2]
 - Primærfaktor 1 700[1] m
 - koordinatar 62°40′14.9″S 60°11′10.7″W
Administrert under Antarktistraktaten
Mount Friesland is located in Antarktis
Mount Friesland (Antarktis)
Wikimedia Commons: Mount Friesland

Mount Friesland er eit fjell i Tangra MountainsLivingston Island i Sør-Shetlandsøyane. Det ligg kring 12,5 km nordaust for Barnard Point, 9,7 km aust-søraust for St. Kliment Ohridski Base, 3,6 km søraust for toppen av Pliska Ridge, 6,1 km søraust for Mount Bowles, 2,9 km sør-sørvest for Camp Academia, 7 km vest for Great Needle Peak og 6,85 km nordvest for Samuel Point. Fjellet er stort sett dekt av isbrear med mange bresprekkar.

Mount Friesland frå Perunikabreen, med Pliska Ridge til høgre.

Amerikanske og britiske selfangarar kjende til fjellet så tidleg som 1820–21, og det har gjennom tida vorte kalla Peak of Frezeland, Friezland Peak og Friesland Peak. Tidleg på 1900-talet vart namnet Barnard, som James Weddell hadde nytta i 1825 om den nærliggande Needle Peak, flytta til dette fjellet. Det originale namnet er no gjenoppretta. Namnet Barnard Point har sidan vorte nytta om eit nes på søraustsida av False Bay.[3]

Den første klatringa av Mount Friesland vart gjort frå Juan Carlos I Base den 30. desember 1991 av dei katalanske klatrarane Francesc Sàbat og Jorge Enrique, som Sàbat Hill og Enrique Hill er kalla opp etter. Fjellet er sidan klatra av andre folk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Friesland, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).