James Weddell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Weddell

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 24. august 1787
Oostende
Død

9. september 1834 (47 år)
London

Yrke oppdagar
Språk engelsk
James Weddell på Commons

James Weddell (fødd 24. august 1787 i Ostende[1], død 9. september 1834) var ein engelsk sjømann, navigatør og selfangar som våren 1823 seglte til 74°15' sørleg breidde, det sørlegaste punktet til då nått av menneske. Dette havområdet i Sørishavet vart seinare kalla Weddellhavet.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Weddell reiste i ung alder til sjøs. Etter å ha frakta kol i nokre år, byrja han rundt 1805 å segle på Vestindia.

I 1813, under den britisk-amerikanske krigen, var han ombord i «Hope» og førte det amerikanske kaperskipet «True Blooded Yankee» i den engelske kanalen. Etter napoleonskrigane tok han opp vestindiafarten, men i 1820 melde han seg til teneste for Royal Navy,

Første antarktisreise[endre | endre wikiteksten]

I 1819 vart Weddell introdusert for James Strachan, ein skipsbyggar frå Leith som saman med forsikringsagenten James Mitchell frå London åtte briggen «Jane». Dette var eit amerikanskbygd fartøy på 160 tonn som hadde vorte beslaglagt under krigen i 1812 og omgjort til selfangstskute. Meldinga om oppdaginga av Sør-Shetlandsøyane hadde nettopp vorte offentleggjort, og Weddell meinte at det kunne vere høve for å gjere ein formue gjennom selfangst i dei nye fangstområda. Den første seglinga hans som kaptein på «Jane» førte han til Falklandsøyane og vidare sørover. Han vende heim med full last, og fortenesta var så god at Strachan og Mitchell skaffa seg eit skip til, «Beaufoy».[2]

Andre antarktisreise[endre | endre wikiteksten]

Briggen «Jane» og kutteren «Beaufroy» under James Weddells andre ekspedisjon til Antarktis

På den neste reisa frå 1821 til 1822 seglde begge skipa til Sør-Shetlandsøyane. Det var likevel minst 45 selfangstskuter i området, og selbestanden var allereie kraftig redusert, to år etter at øyane vart oppdaga. Weddell søkte difor etter nye fangstområde.

Skipperen på «Beaufoy», Michael McCleod, fekk Sør-Orknøyane i syne den 22. november 1821, uavhengig av George Powell og Nathaniel Palmar si oppdaging berre nokre dagar tidlegare. Der dreiv dei fangst før dei vende heimover og kom til England i juli 1822.

Tredje antarktisreise[endre | endre wikiteksten]

På den tredje reisa frå 1822 til 1824 førte Weddell nok ein gong «Jane», medan Matthew Brisbane var kaptein på «Beaufoy». Dei seglde saman til Sør-Orkneyøyane, men fangsten var skuffande. Etter utan lukke å ha leita etter land mellom Sør-Shetlandsøyane og Sør-Orknøyane, vende dei sørover i voner om å finne betre fangstforhold der. Sesongen var usedvanleg mild og roleg, og den 20. februar 1823 nådde dei to skipa 74°15′0″S 34°16′45″W / 74.25000°S 34.27917°W / -74.25000; -34.27917, den sørlegaste posisjonen skip nokosinne hadde nådd og ein rekord som vart ståande i over 80 år. Nokre få isfjell vart observert, men land kom ikkje til syne. Weddell trudde difor at havet fortsette heilt til Sørpolen. Ytterlegare to dagar segling ville ha ført han til Coats Land, men Weddell valde å snu.

Weddell hylla mannskapet då han annonserte gjennom ein liten seremoni at dei var kome lenger sør enn nokre andre sjømenn. Flagget vart heist, eit gevær avfyrt, begge mannskapa gav tre hurrarop, og ein rasjon brennevin fordreiv mørket. Ei von vart tent for at lukka nok ein gong ville følgje selfangarane. Havområdet vart namngjeve The Sea of George the Fourth (George IVs hav), men namnet festa seg ikkje permanent. Området skulle ikkje bli vitja igjen før 1911, då Wilhelm Filchner oppdaga Filchner-Ronne isbrem.

Weddell vende nordover og tok ly på Sør-Georgia, der dei fortsette å leite etter sel. Dei overvintra på Falklandsøyene, og seglte igjen sørover mot Sør-Shetlandsøyane i november 1823. I byrjinga av 1824 skilde dei to fartøya lag. Weddell returnerte i mars 1824 til Falklandsøyane og vidare til England, som han nådde i juli.

Den sørlege rekordreisa hans, tre grader lenger sør enn James Cook si ferd 50 år tidlegare, gjekk ikkje utan merknad. Weddell vart overtalt av Strachan og Mitchell til å skrive ei bok om bragda. Den første utgåva kom ut i 1825, følgt av ein ny og utvida utgåve i 1827.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Weddell foreslo overfor Admiralitetet i Storbritannia ei ny ferd til sørlege breiddegradar, men fekk ikkje støtte. Han gjekk difor tilbake til å segle i handelsfart i Atlanteren. I 1829 var han framleis kaptein på «Jane», men under ei ferd frå Buenos Aires til Gibraltar lekte ho så kraftig at ho måtte oppgjevast ved Asorane. Weddell og skipslasta vart overført til eit anna skip for å bli frakta til England. Dette fartøyet gjekk likevel på grunn ved øya Pico, og Weddell overlevde ved eit naudskrik.

Taprt av «Jane» medførte økonomisk ruin for Weddell, som vart tvinga til å ta lønt arbeid som skipper. I september 1830 forlét han England som kaptein på «Eliza» og seglde til Swan River Colony i vestre Australia og vidare til Tasmania. Han var tilbake i England i 1832

Weddell døydde i 1834 i ein alder av 47 år i tronge kår i London.

Minne[endre | endre wikiteksten]

To stader er kalla opp etter han – Weddellhavet i Antarktis og Weddell IslandFalklandsøyane.

Weddellselen er òg kalla opp etter James Weddell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «James Weddell» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2012.
  • Weddel, James (1970) [1825]. A voyage towards the South Pole: performed in the years 1822-24, containing an examination of the Antarctic Sea. United States Naval Institute. 
  1. Dåpsregister for Ostende, 23. september 1787
  2. Howgego, Raymond (2004). Encyclopedia of Exploration (Part 2: 1800 to 1850). Potts Point, NSW, Australia: Hordern House. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]