Mount Shinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 78°27′S 85°46′W
Mount Shinn
fjell
Mount Shinn from North East by Christian Stangl (flickr).jpg
Mount Shinn frå nordaust
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Del av Seven Third Summits
Fjellkjede Sentinel Range
Topp Ellsworth Land
 - høgd 4 660 moh.
 - koordinatar 78°27′S 85°46′W
Administrert under Antarktistraktaten

Mount Shinn
78°27′49″ S 85°43′29″ W
Mount Shinn is located in Antarktis
Mount Shinn (Antarktis)

Mount Shinn er eit fjell som er 4660 moh og som står 6 km søraust for Mount Tyree i Sentinel Range i Ellsworth Mountains. Det vart oppdaga på ein flytur under Det internasjonale geofysiske året i januar 1958, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kapteinløytnant Conrad S. (Gus) Shinn i U.S. Navy, som var pilot på somme av desse flyturane. Shinn flydde det første flyet som den 31. oktober 1956 landa på den geografiske Sørpolen. Fjellet vart trudd å vere over 4800 meter over havet, men vart målt på nytt i 2001 av Damien Gildea og Rodrigo Fica frå Omega Foundation.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Shinn» (innhald frå Geographic Names Information System).