Moustérienkulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grotta i Le Moustier i Dordogne som gav kulturgruppa namnet sitt.

Moustérienkulturen er eit arkeologisk namn på ein stil av hovudsakleg flintreiskap som primært er knytt til Homo neanderthalensis og er datert til den miderste delen av paleolitikum i steinalderen.

Han er kalla opp etter hola Le Moustier i regionen Dordogne i Frankrike. Liknande flintreiskap frå tida etter istida er funnen over heile Europa, Vesleasia og Nord-Afrika.

Kjenneteikn og leivningar[endre | endre wikiteksten]

Moustérien-reiskap som er funnen i Europa er laga av neandertalarar for mellom 300 000 og 30 000 år sidan. I Nord-Afrika og Vesleasia vart dei òg laga av anatomisk moderne menneske. I Levanten er det til dømes ikkje mogeleg å skilje mellom slike reiskap som er laga av høvesvis moderne menneske og neandertalarar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Shea, J. J., 2003: Neandertals, competition and the origin of modern human behaviour in the Levant, Evolutionary Anthropology, 12:173-187.