Muhammad Zia ul-Haq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Muhammad Zia ul-Haq
Muhammad-Zia-ul-Haq-01.jpg
Regjeringstid1978-1988
Partipartiløs
Fødd12. august 1924
FødestadJalandhar
Død17. august 1988
DødsstadBahawalpur
BarnMuhammad Ijaz-ul-Haq
FøregangarFazal Ilahi Chaudhry
EtterfølgjarGhulam Ishaq Khan

Muhammad Zia ul-Haq (fødd 12. august 1924 i Jalandhar i Britisk India (i dag India), død 17. august 1988 i Bahawalpur i Pakistan) var ein pakistansk offiser og politikar. Han var president i Pakistan frå 1978 til 1988.

Zia ul-Haq tok makta i Pakistan gjennom eit statskupp i 1977. Statsminister Zulfikar Ali Bhutto vart sett i fengsel og avretta i 1979. Zia ul-Haq lovde ved fleire høve frie val, men desse løfta vart aldri innfridd. Han omkom i ei flyulukke i 1988 under uklare omstende.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]