Zulfikar Ali Bhutto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zulfikar Ali Bhutto
Zulfiqar ali bhutto.jpg
Fødd 5. januar 1928

Larkana

Død 4. april 1979
Rawalpindi
Parti Pakistans folkeparti
1. verv President av Pakistan
 - periode 20. desember 1971–13. august 1973
 - føregangar Yahya Khan
 - etterfylgjar Fazal Ilahi Chaudhry
2. verv Statsminister i Pakistan
 - periode 14. august 1973–5. juli 1977
 - føregangar Nurul Amin
 - etterfylgjar Muhammad Khan Junejo

Zulfikar Ali Bhutto (fødd 5. januar 1928 i Larkana, daud 4. april 1979 i Rawalpindi) var ein pakistansk politikar som var president i Pakistan frå 1971 til 1973 og statsminister frå 1973 til 1977. Han var gift med Begum Nusrat Bhutto og far til Benazir Bhutto.[1]

Bhutto var medlem av ulike regjeringar i perioden 1958–1966, dei tre siste åra som utanriksminister. Han braut så med regjeringspartiet og stifta Pakistan People's Party (PPP) i 1967.[1] Etter å ha kalla regimet til Ayub Khan eit diktatur blei han sett i fengsel frå 1968 til 1969.[2]

Etter at Ayub Khan blei kasta blei det halde val i Pakistan i 1970. Pakistan People's Party fekk flest røyster i Vest-Pakistan, medan Awami League vann i Aust-Pakistan (noverande Bangladesh). Etter at Bhutto nekta å danna koalisjon med dette partiet blei valresultatet forkasta, og det braut etterkvart ut ein blodig borgarkrig som enda med opprettinga av Bangladesh med hjelp frå India. Etter dette nederlaget overgav den pakistanske leiaren Yahya Khan makta til Bhutto i 1971.

Som president sette Bhutto føregangaren sin i husarrest og innførte skattar for landeigarfamiliar. Han let landet fortsetja å vera i unntakstilstand. Ein ny grunnlov frå 1973 gav presidentembetet ei meir seremoniell rolle, og Bhutto gjekk over til å bli statsminister.[2]

5. juli 1977 utførte militæret, leia av Mohammad Zia ul-Haq, eit statskupp og avsette Bhutto. Han blei anklaga for å ha gjeve ordre om å drepa ein politisk motstandar i 1974. Bhutto erklærte av han var uskuldig, men blei dømt til døden for mordet og avretta gjennom henging.

Bhutto er ein kontoversiell person i pakistansk historie. Partiet hans, PPP, har halde fram med å vera eit av dei største i landet, og både dottera hans Benazir Bhutto og svigersonen hans, ektemannen til Benazir Asif Ali Zardari, har hatt leiande stillingar i landet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • The Myth of Independence (1969)
  • The Great Tragedy (1971)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Zulfikar Ali Bhutto». Store norske leksikon (på norsk). 2019-01-25. 
  2. 2,0 2,1 «Zulfikar Ali Bhutto | prime minister of Pakistan», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 2019-04-13