Mujinga Kambundji
Mujinga Kambundji (fødd 17. juni 1992) er ein sveitsisk friidrettsutøvar frå Bern som tevlar i sprintløp. Ho vann bronsemedaljen på 200 meter under VM i friidrett 2019, tidlegare sikra ho seg bronsemedaljen på 100 meter då EM i friidrett 2016 fann stad i Amsterdam.
Kambundji er sveitsisk rekordhaldar både på 100 meter og 200 m. Ved eit stemne i Zofingen i 2018 vart ho på 100 m klokka i mål på 10,95 sekund. Året etter forbetra ho i Basel landsrekorden på 200-meter til 22,26 sekund.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mujinga Kambundji» frå Wikipedia på tysk, den 4. mai 2020.