Munningsladevåpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Munnladingskanon i form av ein glattløpa skipskanon frå omkring 1750. Kanonen, som er i støypejern og montert på ein rappert (understell), er ombord i «Étoile du Roy» (tidlegare «Grand Turk»), ein moderne replika av ein fregatt i den britiske marinen på 1740-talet.

Munningsladevåpen eller populært munnladar eller forladar er skytevåpen som ikkje brukar patroner, men må fyllast med krut (vanlegvis svartkrut) og kular frå munningen. Krut og prosjektil blir gjerne banka på plass i kammeret med ein ladestokk.

For å løysa ut skotet er det naudsynt med fenghull eller pistong, slik at krutet kan ta fyr. Skotutløysinga kan vera ved hjelp av ein fakkel, lunte eller snapplås/sneppert (desse kan anten bruka stål og flint (flintlås) eller meir moderne tennhette).

Det er blitt laga munnladarar i alle storleikar, frå store festningskanonar via muskettar til små pistolar. Munnladingsvåpen var einerådande fram til bakladarar blei vanlege frå 1860-åra av.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Munningsladevåpen