Musculus rhomboideus major

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musculus rhomboideus major
Bilete viser musklane som knyter overekstremiteten til ryggsøyla. M. rhomboideus major er vist i raudt.
Norsk namn Den store rombemuskelen
Gray's subject #121 434
Utspring Ryggtaggane på ryggsøyla, processi spinosi, T2 - T5.
Feste    Den nedste delen av medialkanten av skulderbladet, margo medialis scapulae, under festet til m. rhomboideus minor.
Arterie A. dorsalis scapulae.
Nerve N. dorsalis scapulae frå armnerveflettverket, plexus brachialis.
Rørsle Trekkjer skulderbladet medialt og oppover.
Antagonist M. serratus anterior

Musculus rhomboideus major (på latin rhomboideus - «rombeforma», major - «stor»), på norsk somtid òg kalla den store rombemuskelen, er ein flat og brei muskel som går frå skulderbladet til ryggsøyla, og knyter med det overekstremiteten til kroppen. Han spring ut frå den andre til femte ryggtaggen i brystkasseregionen, processi spinosi Th2-Th5, og festar på den nedste delen av skulderbladet sitt mediale kant, margo medialis scapulae pars inferior.

Saman med m. rhomboideus minor dreg han skulderbladet medialt når ein adduserer og ekstenderer overarmsbeinet, noko som hjelper til med å senke skulderleddpanna, fossa glenoidalis, til den nøytrale posisjonen til leddpanna. Rhomboideus-musklane held og skulderbladet pressa mot brystkassa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]