Musikkgruppa Egg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egg
OpphavLondon i England
Aktiv1968–1972, 1974
SjangerProgressiv rock, Canterbury scene, kunstrock, jazzfusion
Tilknytte artistarUriel
PlateselskapDeram, Caroline
Tidlegare medlemmerDave Stewart
Mont Campbell
Clive Brooks

Egg var eit engelsk progressivt rockeband skipa i juli 1968.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Dei grunnleggjande medlemmane i Egg var Dave Stewart på orgel, Mont Campbell på bass og vokal, og trommeslagaren Clive Brooks.[1] Bandet vart skipa av tidlegare medlemmar frå Uriel, dei andre medlemmane var gitaristen Steve Hillage.[1] Etter Hillage slutta i Uriel i august 1968 fortsette dei tre andre som ein trio. Dei fekk ein avtale med styret for klubben Middle Earth og vart tilrådd å skifte namn til Egg, sidan Uriel «høyrdest for likt ut 'urinal'». I midten av 1969 sikra bandet seg ein avtale med den progressive etiketten til Decca, Deram og gav ut debutalbumet sitt i mars 1970.[1] Det selde dårleg, men vart godt nok motteke til at selskapet finansierte ein oppfølgjar, men då albumet skulle ut, skrinla selskapet det fram til produsenten Neil Slaven klarte å overtale selskapet om å gje det ut. The Polite Force kom ut i februar 1971.[1] Dei hadde no same managerar som The Groundhogs og runda av året med stadig fleire konsertar, men trass i at dei hadde nok songar til eit tredje album, fekk dei ikkje ny platekontrakt, og vart oppløyst i juli 1972.

I 1974 fekk Stewart, som hadde signert kontrakt med Virgin som medlem av Hatfield and the North, ein avtale for Egg om å spele inn dei nye songane deira, og det førte til eit siste album, The Civil Surface.[1]

I desember 2007 vart utvalde konsertopptak mellom 1969 og 1972, kalla The Metronomical Society, gjevne ut.

Bakgrunn og songstruktur[endre | endre wikiteksten]

Egg vert ofte rekna som ein del av Canterbury scene, ei omtrentleg samling av progressive og psykedeliske musikarar. Som regel kjem det av at Stewart var medlem i banda Hatfield and the North og National Health, sjølv om Egg ikkje hadde noko geografisk tilknyting til Canterbury. Musikken deira kan skildrast som progressiv rock med element av psykedelia og kammerrock. Dei brukte uvnlege taktarrtar, på songar som «Seven Is A Jolly Good Time». Dei hadde òg eit element av humor i musikken sin. Mont Campbell, som var den fremste komponisten i bandet, har sagt han var sterkt inspirert av Igor Stravinsky, som gjorde at han skapte verk i fleire suitar, som «Symphony n°2» og «Long Piece n°3».

Arzachel[endre | endre wikiteksten]

I midten av 1969, for å utnytte den psykdeliske rockemarknaden, bidrog Stewart, Campbell og Brooks til eit enkelt studioprosjekt kalla Arzachel. Med i dette prosjektet var òg Steve Hillage, som i lag med dei andre medlemmane i Egg hadde vore medlem av Uriel. Egg var på den tida under kontrakt med Decca, og dei brukte derfor pseudonym.

Boka Copious Notes vart skriven av Dave Stewart, Mont Campbell og den nære venen deira Antony Vinall, og fortel soga om Uriel, Egg, Arzachel og Ottawa Company, frå skipinga av Uriel tidleg i 1968 til innspelinga av det siste albumet til Egg, The Civil Surface i 1974.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album
1970 Egg
1971 The Polite Force
1974 The Civil Surface
1985 Seven Is a Jolly Good Time (samlealbum)
2007 The Metronomical Society (konsertopptak)
2015 BBC Sessions And More 1968-1972 (konsertopptak)[2]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Seven Is a Jolly Good Time» / «You Are All Princes» (UK 1969)

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 419. ISBN 1-85227-745-9. 
  2. Egg. «BBC Sessions And More 1968-1972». Amazon.com. On The Air recordings. Henta 17. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]