Myrhatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrhatt
Myrhatt
Myrhatt
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Stamme: Potentilleae
Understamme: Potentillinae
Slekt: Mure Potentilla
Art: Myrhatt P. palustris
Vitskapleg namn
Potentilla palustris
Myrhattfrø

Myrhatt er ein fleirårig urt i rosefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 30 cm høg, og har krypande jordstengel og opprett stengel. Blada er mørkgrøne ovanpå og blygråe under. Blomen har smalblada ytterbeger og store begerblad som er mørkt purpurraude innvendes. Han har brunsvarte kronblad som er halvt så lange som begerblada. Beger og krone sit på til fruktene er mogne.

Myrhatt blomstrar kring juni månad på våte stader, myrar og grunt vatn. Arten er vanleg gjennom heile Noreg, og er funnen opp til 1350 m på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.