Myriam Soumaré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Myriam Soumaré
Myriam Soumare by Augustas Didzgalvis.jpg
Fødd 29. oktober 1986
Paris
Yrke sprinter, friidrettsutøvar
Myriam Soumaré på Commons
Myriam Soumaré etter at ho vann EM-gull på 200 meter i Barcelona i 2010

Myriam Soumaré (fødd 29. oktober 1986) er ein fransk friidrettsutøvar frå Paris som tevlar internasjonalt på sprindistansane 100 meter og 200 meter. Ho vart europameister på 200 meter i 2010, og har i tidsrommet 2010-14 også vunne tre sølvmedaljar og tre bronsemedaljar på 100 m, 200 og 4x100 m stafett i ulike europameisterskap i friidrett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Frå EM i friidrett 2010 i Barcelona fekk Soumaré med seg heim ein medalje av kvar valør. Det starta med at ho tok bronsemedaljen på 100 m på tida 11,18, tyske Verena Sailer vann med 11,10 sekundar. Deretter sprang Soumaré inn til siger på 200 meter med 22,32 sekundar, 12 hundredels sekund føre Jelizaveta Bryzjina frå Ukraina. Til sist fekk Soumaré sølv etter ho sprang startetappen for Frankrikes lag i 4x100 m stafett, ein stafett som vart vunnen av Ukraina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.