Myrmjølke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Myrmjølke
Myrmjølke
Myrmjølke
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Mjølkefamilien Onagraceae
Slekt: Mjølkeslekta Epilobium
Art: Myrmjølke E. palustre
Vitskapleg namn
Epilobium palustre

Myrmjølke er ei urt i mjølkefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Planta vert kring 20 cm høg og har lange granne krypande renningar som endar i ein knopp. Ho har rak stengel som er småhåra heilt rundt. Blada er ofte snaue og utan tenner. Blomsteren er lys raudfiolett.

Myrmjølke blømer kring juli månad på grasmyr og våte stader. Planta er vanleg gjennom heile Noreg, og er funnen opp til 1300 m på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.