NGC 4622
NGC 4622 | |
![]() Hubble-bilete av NGC 4622. Galaksen roterer med klokka. | |
Observasjonsdata (epoke J2000) | |
---|---|
Stjernebilete | Kentauren |
Rektasensjon | 12t 42m 37,6s[1] |
Deklinasjon | -40° 44′ 35″[1] |
Avstand | 111 millionar lysår |
Type | spiralgalakse (Sb) |
Serskilde trekk | roterer same vegen som spiralarmane peiker |
Sjå òg: Galakse, lista over galaksar |
NGC 4622 er ein spiralgalakse som ligg rundt 111 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Kentauren. Han er spesiell ved at han roterer same vegen som spiralarmane peiker. Ei mogleg årsak er at galaksen vekselverka og kolliderte med ein mindre galakse. I tillegg til den merkelege rotasjonen har han ein indre spiralarm som peiker i motsett retning enn resten av dei andre spiralarmane.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen baserer seg på pressemelding STScI-2002-03 frå Space Telescope Science Institute.